Langstjertmaurfugl
| Langstjertmaurfugl | |
Illustrasjon av Joseph Wolf, 1854 | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av langstjertmaurfugl | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
| Slekt: | Drymophila |
| Art: | Langstjertmaurfugl D. caudata |
| Vitskapleg namn | |
| Drymophila caudata | |
Langstjertmaurfugl (Drymophila caudata) er ein fugl i underfamilien Thamnophilinae i maurfuglfamilien. Han er endemisk for Colombia. Etter ei endring i taksonomi i 2012, har denne arten ei todelt utbreiing i den austre fjellkjeda av Andes.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein langhala, streka, ca. 15 centimeter lang smettliknande maurfugl som veg ca. 12 gram. Hovudet og oversida er svart-kvit-streka, undersida kvit med svarte strekar, bakkroppen raudbrun.
Hannar har svart isse og rygg med kvite striper, bortsett frå midten av issa som er heilt svart. Dei har ei kvit flekk mellom skulderfjørene. Overgumpen er raudbrun. Svingfjørene er svarte med raudbrune kantar, og dekkfjørene er svarte med kvite tuppar. Stjerten er mørkgrå med kvite fjørtuppar. Andlet, hals og bryst er kvite med kraftige svarte striper. Buken er rein kvit utan striper, medan sidene og undergumpen er raudbrune. Hoer har same mønster, men i andre farger. Issa er stripa i kanelraudt og svart. Dei manglar den kvite flekken mellom skulderfjørene. Dei felta som er kvite hos hannane, er hos hoene meir raudbrun-okerfarga. Undersida har eit raudbrunt skjær, og sidene er bleikare enn hos hannane.[1]
Utsjånaden er som santamartamaurfuglen, som òg var ein del av dette artstaksonet inntil nyleg. Langstjertmaurfugl som definert i dag, blei anerkjent som følge av funn gjort av studiar av genetiske strukturar gjennom heile utpreiingsområdet for det opphavlege taksonet. Ved studiar av lætet er det funne forsiktige skilnader frå dei andre tidlegare underartane av langstjertmaurfugl, mellom anna med bruk av sonogram frå lydopptak. Arten har ei todelt utbreiing i Colombia, i eit belte rundt 2000 moh.[2] Ein bestand finst på vestsida av dei austlege Andes i Santander-departementet. Ein annan lenger sør i den øvre Magdalenadalen i Caquetá og Huila. Langstjertmaurfuglen lever i undervegetasjon særleg i bambuskratt. Arten er ein standfugl.[1]
Songen liknar den hos andre Drymophila-artar, men skil seg ut ved at han byrjar med fire til seks stigande tonar, i motsetnad til dei fleste andre som byrjar med to jamt tona lydar.[1]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Fram til ca. 2012 var det definert eit takson langhalemaurfugl Drymophila caudata med fire underartar, mellom anna nominatforma D. caudata caudata. Etter ein studie med samanlikningar av mtDNA, læte, fjørdrakt og diversitet i økologi, la gruppa framlegg om å handsame kvar av dei fire underartane som sjølvstendige artstakson.[2] Synet blei stødd av South American Classification Committee[3] og den nye taksonomien blei tatt inn i Clementslista frå august 2013,[4]
Status
[endre | endre wikiteksten]Verdas naturvernunion IUCN vurderte i 2016 langstjertmaurfuglen som nær truga (NT), men nedjusterte i 2023 statusen til livskraftig (LC). Populasjonen er rekna til 3000–6700 vaksne individ, og han er truleg minkande. Truslar er dårleg kjende, men arten er truleg sårbar for skogrydding, degradering av leveområde og fjerning av bambus til tømmer og landbruksføremål. Arten er lite undersøkt, men er registrert i to verneområde.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Isler, M. L., A. M. Cuervo, G. A. Bravo, & R. T. Brumfield. 2012. An integrative approach to species-level systematics reveals the depth of diversification in an Andean thamnophilid, the Long-tailed Antbird. Condor 114: 571–583
- Zimmer, K.; Isler, M.L.; Kirwan, G. M. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «East Andean Antbird (Drymophila caudata), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.lotant1.01.
- Referansar
- 1 2 3 Zimmer et al 2020
- 1 2 Isler et al 2012
- ↑ South American Classification Committee (September 2012). «Proposal (542) to South American Classification Committee – Split Drymophila caudata into four species». Henta 23. august 2025.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2013). «Updates & Corrections: August 2013, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.8». Cornell Lab of Ornithology. Henta 23. august 2025. «ref til side 298, Long-tailed Antbird Drymophila caudata»
- ↑ BirdLife International (2023). «East Andean antbird Drymophila caudata». IUCN Red List of Threatened Species 2023: e.T103658659A223906329. doi:10.2305/IUCN.UK.2023-1.RLTS.T103658659A223906329.en. Henta 23. august 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) langstjertmaurfugl hos Artsdatabanken
- (en) langstjertmaurfugl i Catalogue of Life
- (en) langstjertmaurfugl i Global Biodiversity Information Facility
- (en) langstjertmaurfugl hos ITIS
- (en) langstjertmaurfugl hos NCBI
- (en) Kategori:Drymophila caudata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Drymophila caudata – detaljert informasjon på Wikispecies