Langhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg staden Langhus i Ski
Rekonstruerte langhus, jernaldergarden på Ullandhaug

Langhus er eit namn på ein type hus som var vanleg i vikingtida og folkevandringstida. Husa har fått namn etter den langstrekte forma si. Gjerne budde menneska i den eine enden av huset, medan ein i den andre enden hadde husdyr. Slik budde ein nær husdyra, og om vinteren fekk ein noko varme frå dyra. Det var gjerne ein eller fleire eldstadar i huset, med tilhøyrande ljore (røykhol) i taket der røyken kunne sleppa ut. Langhusa var gjerne låge og tilpassa landskapet. Ein tenkjer seg at mange av dei var bygd opp med steinmurar og med gras på taket. Særleg på sørvestlandet i Noreg vart det nytta steinmurar, noko som gjev karakteristiske arkeologiske funn. På Jernaldergarden på Ullandhaug litt utanfor Stavanger sentrum, er det bygd opp rekonstruerte langhus. Langhusa vert nytta til å formidla korleis livet kunne vera i gamal tid. Eit tilsvarande anlegg finst på Borg i Vestvågøy der det er bygd opp eit langhus med torvveggar. Huset som er bygd opp er 83 meter langt og mellom 7 og 9 meter breitt. Huset blir nytta som museum og opplevingssenter. På Forsandmoen i Forsand kommune er òg slike hus rekonstruert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]