Langmuirsirkulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Langmuirsirkulasjon
Kvite strekar i denne lagunen kjem av langmuirsirkulasjon.

Langmuirsirkulasjon er ein vinddriven spiralsirkulasjon i havet der aksen er nesten parallell til vinden. Irving Langmuir oppdaga dette fenomenet då han la merke til striper av tang i Sargassohavet i 1938.[1]

Sirkulasjonen ligg 15° til høgre for vindretninga på den nordlege halvkula.[2] og spiralen dannar divergens- og konvergensband ved overflata. I konvergenssonane vil flytande tang, skum og avfall samle seg og danne slike band som Langmuir la merke til i 1938. Ved overflata vil sirkulasjonen setje i gang ein straum frå divergenssonen til konvergenssonen og avstanden mellom desse er frå 15 til 300 meter. Under konvergenssonane vil det oppstå smale jettar nedover, og denne straumen er om lag like kraftig som overflatestraumen. Forplantinga strekkjer seg vanlegvis frå nokre meter til fleire titals meter nedover, men går ikkje gjennom pyknoklinen. Oppvellinga er generelt svakare og finst i breiare band under divergenssonen.

I ein observasjon gjort med vindstyrke på 14 m/s var den horisontale avstanden mellom cellene 20 meter, og den maksimale vertikale straumen var 18 cm/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The open university, Ocean circulation Butterworth Heinemann andre utgåve 2001
  2. Stewart, Robert H., Introduction To Physical Oceanography, Copyright 2002 Fall 2002 Edition

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]