Hopp til innhald

Langnebbparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langnebbparakitt
Langnebbparakitt
Langnebbparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av langnebbparakitt
Utbreiinga av langnebbparakitt
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Slekt: Enicognathus
Art: Langnebbparakitt E. leptorhynchus
Vitskapleg namn
Enicognathus leptorhynchus

Langnebbparakitt (Enicognathus leptorhynchus), er ein art i papegøyefamilien, Psittacidae, som er endemisk for skogshabitat i det sørlege Chile.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hovud på langnebbparakitt i fangenskap

Langnebbparakitten når ei kroppslengd på 40 centimeter.[1] Det sterkt bøygde og lange overnebbet er iaugefallande og gjev namnet til arten på norsk og andre språk. Fjørdrakta er hovudsakleg matt grøn. Til liks med sørparakitten er panna og tygel brunraude, men hos langnebbparakitten er farga klårare og strekkjer seg rundt auget. Halefjørene er brunraude og blir litt grønaktige i enden.

Langnebbparakitten er mest vanleg i Chile, mellom regionen Valparaíso og øya Chiloé, sjeldan også sør til nordre Aysén-regionen. Det naturlege habitatet er i tempererte skogar med tresag i sørbøkslekta (Nothofagus) og kranstreslekta (Araucaria), opp til 2000 moh. Ofte og spesielt om vinteren tar dei i bruk halvopne jordbruksområde og beitemarker. Langnebbparakittar finn mesteparten av maten på bakken. Dei grev etter frø og røtene til gras med dei lange nebba sine. I vintermånadene òg i korn- og maisfelt der dei grev opp nysådde frø. Dei er rekna som skadefuglar på Chiloé.[1]

Dei er hòlehekkarar som bygger reir i trehòler og fjellsprekkar.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

IUCN har kategorisert langnebbparakitt som ein livskraftig art, men med ukjent populasjon og ukjent trend.[2] På 1950 og 1960-talet, var bestanden minkande på grunn av jakt, skogrydding og sjukdom.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Collar, N., E. de Juana, and P. F. D. Boesman (2020). Slender-billed Parakeet (Enicognathus leptorhynchus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
  2. BirdLife International (2023) Species factsheet: Enicognathus leptorhynchus. Henta 11. mars 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Langnebbparakitt