Langobardar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Langobardane)

Langobardane (av mellomalderlatin langobardus, longobardus) var ei germansk folkegruppe frå Nord-Europa som under folkevandringstida slo seg ned ved Donau. Derifrå etablerte dei i 560- og 570-åra eit kongerike i Italia med kjerneområde i det som no er Lombardia.

Opphavssegner og etymologi[endre | endre wikiteksten]

Gamle danske segner seier at då kong Snio regjerte i Danmark, kom det ei hungersnaud over landet. Kongen baud då at nokre familiar frå kvar provins skulle forlate landet. Desse folka samla han i Skåne før dei seglde over til Jylland, og leidd av Ebbe og Åge (Ibor og Aio) byrja vandringa under namnet langobardar.

Namnet «langobard» er ei latinsk tilmåting av germansk *lang(a)barðaz ‘langskjeggje’.

Soga før Italia[endre | endre wikiteksten]

Langobardane var ei tid i Pannonia. Den førande kongen for dei på denne tida heitte Audoin. Audoin og sonen Alboin låg lenge i feide med gepidane som var komne før dei til Pannonia. Langobardane vann over dei i eit slag, og kongen deira fall. Kongesonen Alboin tok då dotter av den falne gepidarkongen til kone, Rosamunda. Langobardsoga fortel korleis han laga eit drykkjestaup av hovudskallen til far hennar, og under sigersgildet etter hærtoget i Italia nokre år seinare, ville han ha henne til å drikke av det. Denne svivyrdinga kosta han livet.

Langobardane i Italia[endre | endre wikiteksten]

Paulus Diaconus fortel korleis langobardane vart bedne til Italia for å tukte ostrogotane som var ved å misse kongedømet sitt der. Difor reiste dei ned i 568 og skipa eit rike der, som vara ved til det vart teke av frankarane i 774.

Langobardane tok makta i fleire byar, mellom dei Verona, Vincentia, Milano og Pavia, som vart hovudstaden deira. Kong Alboin hadde gifta seg med Rosamunda, dottera til ein av kongane han hadde sigra over. Men Rosamunda hemna far sin og fekk ein ung mann til å drepe kong Alboin mot at ho lova å gifte seg med mannen – Helmechild - og setje han til ny konge. Men langobardane vegra seg for å setje Alboino sin mordar på trona, og Rosamunda og Helmechild måtte fly. Rosmunda prøvde å finne allierte for å vinne trona attende, men då ho forelska seg på nytt, ville ho rydje Helmechild or vegen. Det gjorde ho ved å gje han eit giftbeger. Då drykken var halvdrukken, merka Helmechild at noko var gale, og han tvinga Rosamunda til å drikke resten av begeret. Slik døydde dei begge, og denne soga har gjeve materiale til mange tragiske diktverk.

Etter Alboin tok ein Authar makta, men etter han vart det ufred, og riket vart styrd av 30 hertugar dei neste 15 åra, til kong Agilulf samla dei att. Kongane etter han laut støtt slost om makta med hertugane sine, og Italia utvikla seg snøgt til ein føydalstat under deira rådvelde.

Langobardarane var ariansk kristne, men gjekk over til den katolske trua tidleg på 500-talet, etter påverknad frå den bayerske dronninga Theodolinda, gift med kong Agilulf. Sonen deira var den første katolske langobardarkongen.

Når langobardarriket vart svekka, var det mest på grunn av den stendige tretta mellom kongen og adelen. Ved kvart kongsskifte var det ein eller fleire hertugar som heller gjekk mot kongen og stødde mellom andre frankarane. Sistpå førte dette til at kongeriket fall.

Den siste langobardiske kongen var Desiderius, som vart overvunnen av den frankiske kongen Karl den store i 774. Pavestaten vart oppretta i denne konflikten, som ei avtale mellom far av Karl, Pippin den vesle, og paven, mot langobardkongen.

Italiensk historie omtalar ofte langobardtida som den mørkaste delen av mellomalderen. Nasjonalt har italienarane det med å sjå dei som eit inntrengjarfolk, og historieskrivinga vel ofte å frikjenne dei frankiske kongane sitt inntog og overtakinga til Karl den store. Likevel får ein minnast at mange store og gjeve adelsslekter i Nord-Italia stammar frå dette folket, og ein av dei mest vidgjetne ætlingane etter dei er filosofen Thomas Aquinas, son av ein langobardhertug, Landolfo av Aquino.

Af disse mange og store Tog sees, at ingen Nation under Solen har været meer
stridbar og seyerrig, end de gamle Danske; thi deres Bedrifter opfylde de fleste
udenlandske Krøniker, og gjøre en considerable Deel av deres Historier.

Ludvig Holberg i Dannemarks Riges Historie 1732

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Paulus Diaconus: Langobardarsoga. Norsk omsetjing: Paulus Diaconus. Langobardenes historie. Omsett av Anne Katrine Frihagen og Bjørg Tosterud. Oslo 2003: H. Aschehoug & Co, Fondet for Thorleif Dahls Kultusbibliotek, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]