Langsnuta flaggermus
Langsnuta flaggermus | |
![]() Langsnuta flaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av langsnuta flaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Spydnasar Phyllostomidae |
Slekt: | Platalina |
Art: | Langsnuta flaggermus P. genovensium |
Vitskapleg namn | |
Platalina genovensium |
Langsnuta flaggermus[note 1] (Platalina genovensium) er ein art i bladnasefamilien Phyllostomidae.[1] Dette er den einaste arten i slekta Platalina.[1][2] Arten finst berre i nordlege delar av Chile og i Peru.[3][4] Han lever for det meste av nektar og frukt frå kaktus.[5] Arten er sjeldan, men har ei vid utbreiing med minst 25 kjende populasjonar. Han er oppført som nær trua på grunn av habitatsdegradering som fører til tap av den viktigaste matkjelda hans.[4]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Langsnuta flaggermus har vanlege mål på rundt 81 mm i total lengd, vengespenn på 341 mm, og vekt mellom 19,5 og 19,9 gram. Ho er den største flaggermusa i underfamilien Lonchophyllinae. Denne storleiken kan vere ei tilpassing til nattlege temperaturar som nærmar seg 0°C. Arten er kjend for det svært lange snutepartiet, som kan indikere auka spesialisering.[5] Tunga er lang, uttrekkbar og dekt av papillar. Framtennene er breie og skeiforma, og nasebladet er diamantforma. Interfemoral-membranen (mellom bakbeina) er lang og sparsamt håra, med halen som strekkjer seg ein tredel inn i membranen. Kroppen har ei lys brun farge, og kvart hårstrå har ein lysare base enn tuppen. Undersida er lysare enn ryggen.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]På vestlege skråningar av Andesfjella finst arten frå Piura i nord til Tacna i sør.[6] Mesteparten av forskinga har vore konsentrert rundt Arequipa. På austsida av Andes finst berre éin kjend populasjon nær Huánuco. Arten lever i høgder frå havnivå opp til 2500 meter, men ingen individ er fanga under 2200 meter. Populasjonar er sterkt knytte til ørkenhabitat som er dominerte av kaktus. Utbreiingsområdet kan endre seg med nedbørsmønster, der populasjonar rører seg over til fuktigare område under El Niño-hendingar.[6][3]
Habitat og tilhaldsstader
[endre | endre wikiteksten]Den viktigaste habitatkravet for denne arten er høg tettleik av kaktusarten Weberbauerocereus weberbaueri. Tettleiken av kaktusar varierer frå 20 til 30 plantar per 100 m².[3][7] Produksjonen av frukt, pollen og nektar er ein avgrensande ressurs for populasjonen, noko som fører til store svingingar i talet på individ under tørkeperiodar.
Flaggermusene lever vanlegvis i koloniar på opptil 50 individ, men dei kan dele seg opp i mindre grupper på 5–7 individ innanfor tilhaldsstadene.[5] Koloniane består av anten berre hannar eller grupper med begge kjønn, men det er ikkje kjent med grupper som berre består av hoer. Alle kjende koloniar lever i forlatne gruver.
Kosthald
[endre | endre wikiteksten]Langsnuta flaggermusa har eit obligatorisk gjensidig avhengnadsforhold med kaktusen W. weberbaueri og er derfor den viktigaste pollinatoren og frøspreiaren for denne planten.[3] Kaktusen produserer frukt heile året, sjølv etter 17 månader utan regn, noko som gjer at minimale flaggermuspopulasjonar kan overleve.
Flaggermusene aukar suksessraten til fruktproduksjonen frå 40 % til 77 %, noko som gir auka mattilgang i økosystemet for gnagarar og fuglar.[3] Under tørkeperiodar bidreg også to kolibriartar, kjempekolibri (Patagona gigas) og vesperkolibri (Rhodopis vesper) til pollineringa. Flaggermusene supplerer kosthaldet sitt med små biller (coleopterer) funne i blomstrane, men hovudbestanddelen i dietten er pollen frå kaktusar.
Reproduksjon
[endre | endre wikiteksten]Under tørkeperiodar stoppar reproduksjonen heilt, kanskje som følgje av forseinka befruktning.[3] I 1993 var tre av åtte fanga vaksne hoer anten gravide eller lakterande i oktober, noko som tyder på at hekkesesongen toppar seg rundt denne månaden, samanfallande med vårblominga.[3] Graviditet er også observert i september, mars og juni. Lengda på graviditeten og dieperioden er ukjend.
Det kan vere mogleg kjønnsdimorfisme, der hoene har noko lengre underarmar enn hannane.
Vernestatus
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste truslane mot denne arten er tap av habitat og innsamling for medisinsk sal.[3][5][4] Den låge populasjonstettleiken til flaggermusa og avhengnad av kaktus gjer han sårbar for habitatøydelegging.
Tilhald i forlatne gruver gjer dei utsett for overhausting av tradisjonelle samlarar. Dette er spesielt kritisk i tørkeperiodar, når populasjonane er låge og reproduksjonen har stoppa opp.
I lokal kultur blir flaggermus brukt i medisinske samanhengar, mellom anna for å kurere epilepsi og hjarteinfarkt.[3] Ytterlegare truslar inkluderer hyppigare El Niño-tørkar forårsaka av klimaendringar. Populasjonane blir reduserte med ei rate på 10 til 30 % over ein tiårsperiode.[4]
Arten er éin av to flaggermusartar som er oppførte som kritisk trua i peruansk lovgiving (Supremo Decreto 034-2004-AG). Han er også oppført som nær trua (NT) av Verdas naturvernunion (IUCN, 2011).[4]
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Namnet «langsnuta flaggermus» er ei omsetting av engelsk long-snouted bat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Long-snouted bat» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2025.
- ↑ 1,0 1,1 Simmons, N.B. (2005). "Order Chiroptera". In Wilson, D.E.; Reeder, D.M (eds.). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd ed.). Johns Hopkins University Press. p. 403. ISBN 978-0-8018-8221-0
- ↑ Sahley, C.T.; Baraybar, L. (1996). «Natural History of the Long-Snouted Bat, Platalina genovensium (Phyllostomidae: Glossophaginae) in Southwestern Peru» (PDF). Vida Silvestre Neotropical 5 (2). Henta 13. januar 2025.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Catherine T. Sahley (October 1996). «Bat and Hummingbird Pollination of an Autotetraploid Columnar Cactus, Weberbauerocereus weberbaueri (Cactaceae)» (PDF). American Journal of Botany 83 (10): 1329–1336. JSTOR 2446118. doi:10.1002/j.1537-2197.1996.tb13918.x.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Pacheco, V.; Aguirre, L. (2016). «Platalina genovensium». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T17487A21988884. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-2.RLTS.T17487A21988884.en. Henta 13. januar 2025.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «Long-snouted bat videos, photos and facts - Platalina genovensium | ARKive». 29 November 2014. Arkivert frå originalen 29 November 2014. Henta 13. januar 2025.
- ↑ 6,0 6,1 «The Peruvian Long-Snouted Bat, Platalina genovensium Thomas, 1928 (Phyllostomidae, Lonchophyllinae), in the Area of Influence of the PERU LNG Gas Pipeline: Population Status and Recommendations for Conservation.». ResearchGate.net. Henta 13. januar 2025.
- ↑ Petit, S. (1995). «The mutualism between bats and columnar cacti on Curacao and conservation implications». Scholarlyrepository.miami.edu.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) langsnuta flaggermus i Encyclopedia of Life
- (en) langsnuta flaggermus i Global Biodiversity Information Facility
- (en) langsnuta flaggermus hos ITIS
- (en) langsnuta flaggermus hos NCBI
- (en) Kategori:Platalina genovensium – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Platalina genovensium – detaljert informasjon på Wikispecies