Langstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langstein som grunnkrins 1 på kart over delområdeet Skatval.
Foto: Statistisk sentralbyrå
Langstein kai og Langsteinpasset i 1950-åra

Langstein er ei skogsbygd nord på Skatval i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Bygda var ein del av Skatval kommune fram til 1962, då kommunane Skatval, Hegra, Lånke og Stjørdal vart slegne saman til dagens Stjørdal kommune. Langstein utgjer i dag ein eigen grunnkrins innanfor delområdet Skatval, og hadde 178 innbyggjarar ved folke- og bustadteljinga i 1990.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Langstein har store skogareal med produktiv skog og beitemark. Landbruket er difor konsentrert rundt skogbruk og dyrehald, særleg av sau. Langstein er tradisjonelt delt inn i to, øvre og nedre Langstein. Den nedre delen femner områda nede ved Fættenfjorden, via Steinsbakkan, og heilt oppe til Foss innanfor Drogsetmoen. Nedre Langstein er dominert av Langsteinpasset, som er ei smal landstripe mellom Fættenfjorden (med Saltøy) i vest og dei bratte åsane i aust. Ned frå desse åsane fell også den iaugefallande fossen Struka. Europaveg 6 går gjennom Langsteinpasset, som elles husar blant anna Langstein kai og Langstein stasjon. Øvre Langstein er i høve areal mykje større enn nedre Langstein, men til derimot tynt busett. Fylkesveg 42 går frå Europaveg 6, gjennom Langstein og til Borås og Okkelberg i Skjelstadmark.

Skule[endre | endre wikiteksten]

Langstein hadde tidlegare ein eigen grendeskole ved det noverande grendehuset Moatun, som begge ligg i skiljet mellom nedre og øvre Langstein mellom Drogsetmoen og Foss. Skolebygningen vart ferdigstilt i 1925, men før dette hadde det vore omgangsskule på Bye øvre og Hammerberg. Langstein slutta som eigen skulekrins i 1970, og sokna frå då av til Alstad skole på Skatval. Frå 1994 soknar Langstein til Skatval skole.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Folke- og bustadtelling 1990: Kommunehefte 1714 Stjørdal» (PDF). Statistisk sentralbyrå. 1990. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Langstein