Occitanie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Occitanie
region
Land  Frankrike
Areal 72 724 km²
Folketal 6 022 176 (1. januar 2021)
Kart
Occitanie
43°38′56″N 2°20′37″E / 43.648785141289°N 2.3435683697733°E / 43.648785141289; 2.3435683697733
Wikimedia Commons: Occitanie

Occitanie er ein administrativ region i Frankrike som grensar til regionane Nouvelle-Aquitaine i nordvest, Auvergne-Rhône-Alpes i nordaust, Provence-Alpes-Côte d'Azur i aust, Middelhavet i søraust og Spania i sørvest. Occitanie blei skipa 1. januar 2016 ved ei samanslåing av dei to tidlegare administrative regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées.[1] Regionshovudstaden er Toulouse.

Regionen har namn etter den kulturelle og historiske regionen Oksitania, som dekker eit større område.

Departement[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i 13 departement.

Nummer Departement Areal (km²) Folketal (2015) Hovudby Region 1982-2015
09 Ariège 4 890 152 499 Foix Midi-Pyrénées
11 Aude 6 139 366 957 Carcassonne Languedoc-Roussillon
12 Aveyron 8 735 279 169 Rodez Midi-Pyrénées
30 Gard 5 853 738 189 Nîmes Languedoc-Roussillon
31 Haute-Garonne 6 309 1 335 103 Toulouse Midi-Pyrénées
32 Gers 6 257 190 932 Auch Midi-Pyrénées
34 Hérault 6 224 1 120 190 Montpellier Languedoc-Roussillon
46 Lot 5 217 173 400 Cahors Midi-Pyrénées
48 Lozère 5 167 76 309 Mende Languedoc-Roussillon
65 Hautes-Pyrénées 4 464 228 582 Tarbes Midi-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales 4 116 471 038 Perpignan Languedoc-Roussillon
81 Tarn 5 758 386 543 Albi Midi-Pyrénées
82 Tarn-et-Garonne 3 717 255 374 Montauban Midi-Pyrénées

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «portant fixation du nom et du chef-lieu de la région Occitanie» (på fransk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Occitanie