Langvann kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°53′16″N 14°08′55″E

Langvatn kraftverk Gildeskål
Foto: PeltonMan

Langvann kraftverk er eit vasskraftverk i Sundsfjorden i Gildeskål kommune i Nordland.

Kraftverket nyttar fallet på 64 meter frå reguleringsmagasina Fellvatnet til Langvatn. Fellvatnet er regulert mellom 393 og 333 moh.

Det er installert ein turbin på 5 MW og middels årsproduksjon er på 21 GWh. Samla nedslagsfelt er på 93 km².

Kraftverket er eigd av Norsk Hydro og Salten kraftsamband og starta produksjonen i 1979.[1]

Verket vart bygd i enden av ein eksisterande tappetunnel og vatnet vert seinare nytta i Sundsfjord kraftverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Langvann