Lanterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lanterne frå 1500-talsfartøyet «Mary Rose».

Lanterne er markeringslys brukt i sjøfart, både på fartøy og langs kysten for å markera grunner og skjer. Dei kan ha ulik farge, sektor og lyskarakter (blink).

Sektorar på ei fartøylanterne. Den stipla linja markerer tverslinja på fartøyet.
1: Topplanterne
2: Babord sidelanterne
3: Styrbord sidelanterne
4: Akterlanterne
5: Slepelanterne

Fartøylanterner[endre | endre wikiteksten]

Fartøylanterner gjev melding til andre sjøfarande om kva fartøyet er i gang med (slep, til ankers) eller kva kurs det har. Reglane for lanterneføring gjeld til sjøs, i innsjøar og i elver og kanalar. Fartøylanterner skal nesten utan unntak ha fast lys. Eit unntak er luftputefartøy som skal ha rundtlysande gult blinkande lys når dei er i svevemodus.

Motorfartøy over 12 meter er pålagt å føre fire lanterner:

  • Kvit topplanterne plassert høgare enn sidelanternene, og som lyser framover frå 22,5 grader av aktanfor tvers på den eine sida, til 22,5 grader aktanfor tvers på den andre sida (sektor på 225 grader). Fartøy over 50 meter er i tillegg forplikta til å ha ytterlegare ei kvit topplanterne (med same lyssektor) som skal plasserast aktanfor og høgare enn den første.
  • Kvit akterlanterne som skal lyse akterover frå 22,5 grader aktanfor tvers på den eine sida, til 22,5 grader aktanfor tvers på den andre sida (sektor på 135 grader).
  • Farga sidelanterner med raud farge på babord side, og grøn farge på styrbord side. Desse gjev retninga til fartøyet, og vert følgd av eit sett vikepliktreglar for møtande eller kryssande trafikk. Når fartøyet kjem midt i mot, er begge sidelanternene synlege, medan 22,5 grader aktanfor tvers er dei ikkje synlege (sektorar på 112,5 grader).

Motorfartøy over 50 meter har i tillegg desse reglene:

  • Om fartøyet ligg for anker eller står på grunn, vert det nytta to kvite rundtlysande markeringslanterner. Den eine er plassert forut og den andre lågare og akter.
  • Eit fartøy som ikkje er under kommando (ute av stand til å manøvrere) skal føre to rundtlysande raude lanterner, den eine plassert loddrett over den andre.
  • Ved slep skal sleparen føre to kvite topplanterner, den eine plassert loddrett under den andre. Gul slepelanterne vert plassert rett over akterlanterna, og har same lyssektor som denne.

Lanterner som sjømerke[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste lanternene langs norskekysten er rundtlysande kvite, raude eller grøne. Sidan mange er solcelledrivne, har dei hurtigblink eller (eit eller fleire) blink per tidsintervall. Nokre få har sektorar og Iso lyskarakter for å unngå forveksling med nærliggjande fyrlykter. Kvite lanterner er plasserte midt på ei hindring, medan raude og grøne er plasserte i ytterkant av ei hindring. Lanternene kan ha forskjellig utforming avhengig av plassering og farvatn. Den enklaste forma er ei lanterne på toppen av ei jernstong.

Aukinga i snøggbåttrafikk har gjort ein ny type lanterne nødvendig. Denne er kjend som Lanterne på stang med indirekte belysning på trekant. Dette merket har ei lanterne med anten fast lys eller lyskarakter plassert på toppen av ei stong. I tillegg har det ein lyskaster med fast lys som lyser på ein trekant merka med eit tal og kvit, raud eller grøn refleks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]