Lapprose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lapprose
Lapprose
Lapprose
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Ericoideae
Stamme: Rhodoreae
Slekt: Rhododendronslekta Rhododendron
Art: Lapprose R. lapponicum
Vitskapleg namn
Rhododendron lapponicum

Lapprose (Rhododendron lapponicum) er ein rhododendronart som veks i subarktiske område fleire stader på den nordlege halvkula. Han er ein av to rhododendronartar som veks vilt i Noreg. Den andre er finnmarkspors (Rhododendron tomentosum).

Lapprosa er ein liten busk som blir 0,2–0,45 meter høg. Blada er elliptiske med ein lengd på 0,4–1,5 cm og ei breidd på 0,2–0,5 cm. Blomane er raudlege eller lilla.

Planten krev kalk i jordsmonnet, og skil seg dermed frå dei fleste andre rhododendronartar som er typiske surjordsplantar. Ho skal også ha full sol og helt ope lende men samtidig fukt rundt røtene. Dette er ein kombinasjon som avgrenser utbreiinga til planten.

Arten finst i Aust-Sibir, Korea, nordlege Japan, Alaska og Canada, på Grønland og i nokre fjellområde i USA. Førekomsten i dei skandinaviske fjella er svært isolert frå utbreiinga elles. I Noreg har lapprosa ei todelt utbreiing. Ho veks i små område i Jotunheimen, i Gudbrandsdalen og i Romsdal. Det andre området er i Nord-Noreg frå Saltdal til Porsanger og inn i Sverige og Finland. I Sør-Noreg veks planten svært høgt til fjells, medan i nord går han lågare ned. Mange trur at lapprosa kan ha overlevd istidanunatakliknande fjelltoppar og sidan spreidd seg utover i større område. Dette kan ha skjedd på fleire kontinent.

Den norske lapprosa er rekna som umogleg å dyrka i hagar i låglandet, ettersom klimaet er for varmt for henne. Derimot kan variantar av lapprose frå Japan, Sibir og Canada godt plantast i tilsvarande hagar. Desse er oftast ein god del større enn den norske varianten, men blomane er ganske like.

Rhododendron lapponicum er godt kjent blant botanikarar og andre planteinteresserte, men få har sett arten i naturen. Dette kjem både av at han vokser på få stader og at han er så liten at dei fleste overser han. Bløminga kjem kort tid etter at snøen går og er over på 1–2 veker.

Lapprose er kommuneblom for Skjåk kommune i Oppland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]