Larderello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røyrleidningar til det geotermiske kraftverket i Valle del Diavoloi Larderello.

Larderello er eit geologisk aktivt område sør i Toscana i Italia, som er kjend for dei geotermisk kjeldene som vert utnytta til kraftproduksjon her. Regionen har sidan antikken vore kjend for den vulkanske aktiviteten og for sine svært varme kjelder. I antikken brukte romarane å bade i svovelkjeldene.

Området vart kalla Montecerboli fram til 1800-talet og vart ein av dei første stadane i verda den geotermisk energi vart utnytta til industrielle føremål. I 1827 klarte franskmannen François de Larderel å komme fram til ein måte å utvinne borsyre frå den vulkanske gjørma ved å nytta damp til å varme opp kjelar for å skilje dei to komponentane. Storhertug Leopold II av Toscana var svært entusiastisk over desse resultata og gjorde eit tiår seinare Larderel til Hertug av Montecerbolli. Ein by, som vart grunnlagd for å huse arbeidarar til borsyrefabrikken, fekk namnet Larderello til ære for Laradarel sitt arbeid.[1]

Regionen var òg leiande i å produsere energi frå geotermiske kjelder i 1904, då fem lyspærer lyste opp med elektrisitet produsert frå damp som strøymde opp av ventilar i bakken. I 1911 vart det første geotermiske kraftverket i verda bygd i Valle del Diavolo («Djeveldalen»), kalla opp etter det kokande vatnet som finst her. Det var det einaste geotermiske kraftverket i verda fram til 1958, då det vart bygd eit slikt kraftverk på New Zealand. I USA og byen Boise vart det derimot nytta geotermisk energi for å gje varmt vatn til byen i 1890 og 1891.

Lardarello står i dag for 10 % av den totale geotermiske elektrisiteten som vert produsert på verdsbasis med 4,8 TWh kvart år, som gjev straum til millionar av italienske heimar. Geologien her er unik med varm granitt nær overflata som produserer vassdamp så varm som 220 °C. Dei siste åra har derimot damptrykket minka med 30 % frå det høgaste nivået i 1950-åra.

Området har stundom opplevd freatiske vulkanutbrot med eksplosive utbrot av vassdamp som er fanga under overflata. Det finst fleire eksplosjonskrater med diameter på 30 til 250 meter i diameter i området. Det største er Lago Vecchienna-krateret, som i dag er ein innsjø, som hadde utbrot rundt 1282.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]