Large Binocular Telescope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Large Binocular Telescope

Large Binocular Telescope er eit astronomisk teleskop bygd på fjelltoppen Mount Graham i søraustlege Arizona i eit samarbeid mellom USA (50 %), Italia (25 %) og Tyskland (25 %). Teleskopet består av to kompakte, men uvanleg lette hovudspeglar med diametrar på 8,4 meter montert ved siden av kvarandre. Dette gjev same lyssamlingsevne som ein 11,8 meters spegel, medan biletoppløysinga er venta å bli like god som for eit 22,4 meters teleskop når lysbuntane frå dei to speglane vert kombinert interferometrisk med adaptiv optikk som automatisk korrigerer for atmosfæriske forstyrringar.

Teleskopet kan sjå lenger ut i universet enn nok anna teleskop og med ein klårheit som er ti gonger betre enn Hubble-teleskopet gjev. Teleskopet kosta 120 millioner dollar. Speglane er laga ved Universitetet i Arizona, som òg har bygd interferometeret saman med Jet Propulsion Laboratory. Eit italiensk konsortium av observatorium har designa det digitale CCD-kameraet. Frå tysk side vert deltakinga leia av Max Planck-instituttet for astronomi i Heidelberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aksnes, Kaare (25. mars 2016), «Large Binocular Telescope», Store norske leksikon, henta 17. juli 2016