Larmtrastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larmtrastar
Sotlarmtrast, Pomatostomus halli Foto: Tom Tarrant
Sotlarmtrast, Pomatostomus halli
Foto: Tom Tarrant
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Larmtrastar Pomatostomidae

Larmtrastar, er små til mellomstore sporvefuglar i slekta Pomatostomus. Slekta er endemisk for regionen Australia og Ny-Guinea. På grunn av likskap i utsjånad og levesett med somme timalar var slekta klassifisert som timalar gjennom mange år. Nyare forsking har ført til at dei no er klassifisert som ein eigen familie Pomatostomidae, nærskylde skraphalar.

Kvitbrynlarmtrast, Pomatostomus superciliosus
Foto: JJ Harrison

Larmtrastar er bakkelevande fuglar med mørke fjørdrakter og lange, nedbøygde nebb. Dei varierer mellom 17 og 27 cm i lengd og frå 30 til 85 gram i vekt. Vengene er korte og runde, og halen er lang og ofte halden dels spreidd, noko som gjer han brei òg. Føtene og beina er sterke og tilpassa levesettet på bakken. Det er ingen kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, hoa har brune, raudbrune og grå farger, ofte med slåande kvite teikningar i andletet og på halsen. Fjørdrakta av ungfuglar er som på vaksne fuglar.

Alle fem artane beitar på eller nær bakken, er altetande og særs sosiale. Dei lever i familiegrupper og små flokkar på opp til ca. 20 individ og beitar saman, nyttar høge kallerop til kvarandre gjennom heile dagen. Dei lever hovudsakleg av insekt og andre virvellause dyr, men vil òg ta frø, frukt og små virveldyr. Gråkronelarmtrast og rustlarmtrast gjer meir omfattande beiting oppe i vegetasjonen enn dei andre artene. Dei lange nebba blir til brukt å søkje og snu på gjenstandar. Dei kan òg halde eit objekt med ein fot og slå med nebbet for å trekkje ut mat.

Larmtrastar er monogame hekkefuglar som forsvarar eit territorium. Under hekkinga får paret hjelp frå ei rekkje hjelparar frå gruppa si. Alle i gruppa deltar i bygging av store, overbygde reir med sideinngang eller inngang gjennom tunell. Reira blir òg brukt til felles soveplassar for ei gruppe, eit reir som har vore brukt til hekking kan seinare brukast til kvileplass, og motsett.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Larmtrastar, Pomatostomus, i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

  • Rustlarmtrast, Pomatostomus isidorei, New Guinea Babbler, LC, Lesson, 1827
  • Gråkronelarmtrast, Pomatostomus temporalis, Gray-crowned Babbler, LC, Vigors & Horsfield, 1827
  • Kvitbrynlarmtrast, Pomatostomus superciliosus, White-browed Babbler, LC, Vigors & Horsfield, 1827
  • Sotlarmtrast, Pomatostomus halli, Hall's Babbler, LC, Cowles, 1964
  • Brunkronelarmtrast, Pomatostomus ruficeps, Chestnut-crowned Babbler, LC, Hartlaub, 1852

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]