Hopp til innhald

Lárnaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Larnaka)
Lárnaka
Λάρνακα
Larnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Land
Distrikt
 Kypros
Lárnaka
Flatevidd 31,73 km²
Innbyggjarar[1]
 • By (2021)

52 046
Koordinatar 34°55′N 33°38′E / 34.917°N 33.633°E / 34.917; 33.633
Høgd 26 m
Nettstad: https://www.larnaka.org.cy/
Nettstad: www.larnaka.com
Lárnaka i distriktet Lárnaka
Lárnaka i distriktet Lárnaka
Lárnaka i distriktet Lárnaka

Lárnaka (gresk Λάρνακα, tyrkisk Larnaka) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Lárnaka på Kypros.[2]

Lárnaka har den nest største hamna på øya og er ein viktig turistby. Nord for byen ligg øya sitt oljeraffineri, medan Lárnaka internasjonale flyplass ligg sør for byen. Byen Lárnaka er kjend for den vakre strandpromenaden med rekkjer av palmar. Her skjer fleire av dei store festivalane i byen. Den mest kjende av desse er Kataklysmos, eller Flaumfestivalen, som vert feira tidleg på sommaren med ei rekkje kulturhendingar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 52 046 innbyggjarar,[1] mot 51 468 innbyggjarar i 2011.[3]

Folketalet har fordelt seg slik på bydelane:

BusetnadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Skála  6 103 6 599
Khrysopolítissa  7 980  8 755
Sotíros  13 383  13 409
Arkhiepískopos Makários 3. (A.M.3)  991  791
Tsakileró (Ts.)  1 873  1 792
Kókkines (Kók.)  1 495  1 469
Ájos Nikólaos  16 887  16 791
Áji Anárjyri 1 (Á.A.1)  996  922
Áji Anárjyri 2 (Á.A.2)  1 281  1 038
Kamáres (K.)  479  480

Kart bydelar

[endre | endre wikiteksten]

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Storbyområdet til Lárnaka omfattar kommunane Lárnaka, Aradíppou, Livádia og Dromolaxiá-Meneoú med til saman 90 397 innbyggjarar.[4]

Kart storbyområde

[endre | endre wikiteksten]
Kommunar i storbyområdet
Kommunar i storbyområdet
Lárnaka

I antikken vart Lárnaka kalla Kition (latin Citium). Det bibelske namnet Kittim, som kjem av Citium, vart ofte brukt om heile Kypros, og stundom av hebrearane om grekarane og romarane.

Den vidkjende stoiske filosofen Zeno frå Citium stamma frå byen. Det vert sagt at han byrja den stoiske filosoferinga etter at han hadde mista alt han eigde i eit skipsforlis.

Ein vidkjend athensk general, Kimon, omkom til havs då han forsvarte byen i eit stort slag mot persarane frå Xerxes. På dødsleiet bad han innstendig om å halde dødsfallet hans skjult for både allierte og persarar. Sitatet «Και Νεκρος Ενικα» («Sjølv i døden var han sigrande») referer til Kimon. Ein statue av «Kimon Athenaren» står på strandpromenaden i det moderne Lárnaka.

Som andre byar på Kypros vert byen stundom råka av jordskjelv, og i mellomalderen då hamna vart fylt med slam (eit teikn på avskoging og overbeiting) flytta folkesetnaden til Lárnaka, som låg litt lenger sør. Den gamle hamna og festninga har i dag forsvunne. Det finst framleis spor etter dei gamle festningsmurane og heilagdomane.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 2025-06-21. Henta 2025-08-28.
  2. ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 2023-01-29. Henta 2023-09-17. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  3. 1 2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 2023-09-17. Henta 2023-09-17.
  4. ↑ «Demopgraphics» (på engelsk). MedCities. Arkivert frå originalen 2021-01-20. Henta 2023-09-20.