Larrie Londin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larrie Londin
Fødd15. oktober 1943(1943-10-15)
FødestadNorfolk i Virginia i USA
Død24. august 1992 (48 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnRalph Gallant
OpphavUSA
Aktiv1960-åra–1992
SjangerCountry, rock
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarElvis Presley, Journey, mange andre
Verka somDrummer, studiomusikar

Ralph Gallant, betre kjend under scenenamnet Larrie Londin (15. oktober 194324. august 1992), var ein USA-amerikansk trommeslagar og studiomusikar.

Han vart i tidleg alder medlem av The Headliners, i lag med broren Lonnie på bass, og vart det første kvite bandet som fekk kontrakt med Motown.[1][2][3] Hos Motown byrja Lodin ein karriere som studiomusikarar og spelte på innspelingar av The Supremes, Marvin Gaye, The Temptations og Jr. Walker & the All Stars.[1] Etter perioden hos Motown spelte Londin i bandet i fjernsynsshowet til Tennessee Ernie Ford.[2] Han flytta til Nashville i 1969 og vart ein av dei fremste studiotrommeslagarane der.[1]

Londin arbeidde med Elvis Presley både i studio og på konsertar, mellom anna dei to siste konsertane Elvis heldt før han døydde.[1] Andre artistar han spelte med var The Cherry Bombs for Rodney Crowell, Emmylou Harris, Diana Ross, The Supremes, The Temptations, The Four Tops, Martha Reeves, The Vandellas, Smokey Robinson, Joe Tex, Wilson Pickett, Lionel Richie, Jerry Lee Lewis, Boots Randolph, Charlie Pride, Randy Travis, Porter Wagoner, Dolly Parton, B.B. King, Albert Lee, Larry Carlton, Lee Ritenour, England Dan & John Ford Coley, Bobby Bare, Merle Haggard, Hank Snow, Jerry Reed, Rosanne Cash, Al Green, Don Francisco, Dan Fogelberg, Reba McEntire, KT Oslin, Vince Gill, Ricky Skaggs, Hank Williams jr., Chet Atkins, Ronnie Milsap, Dan Hill, Fosterchild, Journey og Steve Perry. I åra før han døydde var han i studio og turnerte med the Everly Brothers.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Geoff Nicholls, Obituary: Larrie Londin. The Independent,. september 7, 1992. Henta 15. januar 2015.
  2. 2,0 2,1 Uncredited, TCB Band - Larrie Londin; Elvis Presley Music..
  3. Drummerworld, Profile of Larrie Londin, Top 500 Drummers. Henta 15. januar 2015.