Larrun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larrun
fjell
none  Larrun dekt av snø
Larrun dekt av snø
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Spain.svg Spania
Fjellkjede Pyreneane
Høgd 905 moh
Primærfaktor 670 m
Koordinatar 43°18′33″N 1°38′8″WKoordinatar: 43°18′33″N 1°38′8″W
Wikimedia Commons: Larrun

Larrun (moderne baskisk: Larrun, tidlegare kalla Larhunefransk) er eit fjell i den vestlege delen av Pyreneane med ei høgd på 905 meter. Det ligg på grensa mellom Frankrike og Spania, der dei baskiske provinsane Labourd og Navarra møtes. Fjellet har ein primærfaktor på 670 meter.

Larrun er ein viktig stad i baskisk kultur. Han er dekt av steindysser, steinsirklar og andre neolittiske monument, og var ein heilag stad i baskisk mytologi. Fjellet er visstnok heimstad for Leben Sugea, den første slangen. Seinare, kanskje på grunn av at det var ein gamal heilag stad, fekk toppen rykte for seg for å vere ein akelarre eller ein rituell møtestad for hekser. Fram til 1700-talet betalte dei lokale innbyggjarane ein munk, som budde som eremitt på toppen av fjellet for å halde heksene unna.

Le petit train de Larrun

Fjellet vart brukt av franske troppar som forsvarsposisjon mot slutten av Den spanske frigjeringskrigen, men Wellington sine troppar dreiv Marshal Soult sine troppar ned frå fjellet under Slaget ved Nivelle 10. november 1813. Dette gjorde Frankrike open, slik at Wellgington sine menn kunne marsjere nordover til Paris.

Larrun og det lokale området har vore ei kjend smuglarrute nytta i fleire hundreår, inkludert flyktningar under Den spanske borgarkrigen og Den andre verdskrigen. Smugling var så viktig at lokale historier fortel om at fjellet var dekt av gull, før vonde menn kom og tok det bort. Dei brende skogen på fjellet for å få tak i gullet, men det smelta og rann bort.

Larrun er i dag ein populær stad for fjellturar. Ein lite tog, le petit train de la Rhune, tar med seg passasjerane til toppen av fjellet frå den franske sida. Kyr, eit par pottok-ponniar og sauer beiter i fjellsidene.

La Rhune er framleis ein viktig stad i baskisk kultur, og mange gjestgjeveri og restaurantar ber namnet til fjellet, og den karakteristiske forma vert brukt i mange suvenirar og logoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]