Larry Muhoberac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larry Muhoberac
Fødd12. februar 1937
FødestadLouisiana
Død4. desember 2016
DødsstadErina
FødenamnLawrence Gordon Muhoberac jr.
AliasLarry Owens, Larry Gordon
OpphavUSA
Aktiv1950-åra til i dag
Sjangerrock
pop
InstrumentPiano
orgel, klaverinstrument
Tilknytte artistarElvis Presley, Woody Herman, TCB Band
Verka somMusikar
arrangør

Larry Muhoberac (12. februar 19374. desember 2016) var ein USA-amerikansk musikar, produsent og komponist som til forskjellige tider er blitt kalla Larry Owens og Larry Gordon.[1]

Muhoberac var kjend som den første klaverspelaren i Elvis Presley sitt TCB Band. Han spelte først med Presley på scenen på den første konserten til Elvis på Hotel International i Las Vegas den 31. juli 1969.[2] Etter fleire år med turnering, erstatta Glen Hardin han på piano.

Muhoberac vart fødd og voks opp i Louisiana og byrja spele trekkspel og piano fem år gammal. Han drog på turné med Woody Herman 20 år gammal, og flytta til Memphis i Tennessee i 1959. I 1961, då han brukte pseudonymet «Larry Owens», spelte bandet hans på to av Presley sine veldedige konsertar i Memphis.[3]

Han flytta til Vestkysten tidleg i 1960-åra og arbeidde som studiomusikar der. Der rekrutterte Presley han som studiomusikar for filmmusikken sin.[4] Han utvikla seg til å bli ein etterspurt som studiomusikar og arbeidde først med Elvis og seinare med Neil Diamond, Tina Turner, Ray Charles, Tanya Tucker, Ray Conniff og Barbra Streisand blant fleire. Seinare i karrieren arrangerte og dirigerte han for fleire artistar, mellom andre Seals & Crofts og det kristne bandet The Archers. Han flytta til Australia i 1986 der han fortsette å arbeide som produsent og arrangør.

Sønene hans, Jamie Muhoberac og Parrish Muhoberac, er òg kjende studiomusikarar, arrangørar, produsentar og lydteknikarar.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Nancy & Lee Again (1972) Nancy Sinatra & Lee Hazlewood (arrangør)
  • Woman (Nancy Sinatra album)|Woman (1973) Nancy Sinatra (arrangør)
  • Cherry Smiles: The Rare Singles (2009) Nancy Sinatra (bandleiar, piano)
  • Frankie & Johnny (1966) Elvis Presley (klaverinstrument)
  • Paradise Hawaiian Style (1966) Elvis Presley (klaverinstrument)
  • Speedway (1968) Elvis Presley (klaverinstrument)
  • Stay Away Joe (1968) Elvis Presley (klaverinstrument)
  • Elvis: In Person At The International Hotel, Las Vegas, Nevada [LIVE] April 1970 (klaverinstrument)
  • Elvis On Stage: februar 1970 –LIVE- (klaverinstrument)
  • Rock Requiem (1971) Lalo Schifrin
  • Stony End (1971) Barbra Streisand (klaverinstrument)
  • Summer Breeze (1972) Seals & Crofts (klaverinstrument/arrangement)
  • Diamond Girl (1973) Seals & Crofts (klaverinstrument/arrangement)
  • I Am I Said (1973) Neil Diamond (klaverinstrument)
  • Fresh Surrender (1976) The Archers (arrangement/klaverinstrument)
  • TNT (1978) Tanya Tucker (klaverinstrument)
  • Stand Up! (1979) The Archers (produsent/arrangør/klaverinstrument)
  • «America's Greatest Hero» (1984) Joey Scarbury (piano)
  • «Stormy Weather» (1991) Grace Knight (produsent/arrangør)
  • «Neon Ballroom» (1999) silverchair (arrangør)
  • «Diorama» (2002) silverchair (arrangør)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Who's Who in Rock Music, by William Gary York, New York: Charles Scribner's Sons, 1982 OCLC 8034627
  2. Elvis Presley & the TCB Band
  3. Bio: Elvis.com TCB Band
  4. Paradise Hawaiian Style

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]