Lars A. Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars A. Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1831
Mo i Rana
Død

10. mai 1909 (77 år)

Yrke forretningsdrivande
Lars A. Meyer på Commons

Lars Aagaard Meyer (26. oktober 183110. mai 1909) var ein norsk forretningsmann frå Nesna. Han var far til Hans A. Meyer.

Meyer var son til ein handelsmann og dreiv sjølv handel på Viholmen i Nesna frå 1854. I 1860 busette han seg på Mo i Rana, der han dreiv han fram ei mangslungen forretningsverksemd. L.A. Meyer var ei av dei største forretningane i Nord-Noreg som handla mykje med folk i dei svenske grenseområda. Forretninga var kjend i heile Noreg, ikkje minst for sin handel med nordlandsbåtar og trematerial.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]