Lars Akerhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Akerhaug
Fødd 24. oktober 1981
Yrke journalist, faglitterær forfattar

Lars Akerhaug (fødd 24. oktober 1981) er ein norsk journalist og sakprosaforfattar. Han har vore journalist for Minerva og Dagen,[1] og har særleg skrive om muslimsk ekstremisme.[2] Frå 1. januar 2019 er han redaksjonssjef i Resett.[1]

Akerhaug har studert arabisk og islam ved Universitetet i Oslo og har budd i Egypt og Syria.[3] Han har tidlegare skrive for VG og Aftenposten og dessutan for Dagen og Journalisten. I 2013 gav han ut ei bok om jihadisme i Noreg, og i 2015 ei bok om Al-Shabaab-terroristen Hassan Dhuhulow. I 2016 gav han ut boka Siste jul i Kairo som handlar om kåra til kristne i Midt-Austen. I 2018 var han skuggeforfattar for Sylvi Listhaug-boka Der andre tier.

Akerhaug hadde bakgrunn frå venstresida i norsk politikk. Han har vore medlem av AKP og han har vore internasjonal leiar i Raud Valallianse.[4] På midten av 2000-talet var han leiar i Komiteen for et fritt Irak.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Johannessen, Stian Øvrebø (29. desember 2018). «Lars Akerhaug blir redaksjonssjef i Resett». www.dn.no. Henta 14. januar 2019. 
  2. Om Minerva - Redaksjonen
  3. Waatland, Erik (2. august 2017). «– Journalistene er en politisk korrekt saueflokk som følger etter hverandre og som ikke tenker selv, mener Lars Akerhaug (35)». Medier24.no (norsk). Henta 3. august 2017. 
  4. Klassekampen: «Til sengs med fienden» (29. juli 2013, s. 4-5)
  5. Tidsskriftet Rødt!: «Arabisk nasjonalisme i ytterkantene»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]