Hopp til innhald

Lars Anton Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Anton Moe
Fødd14. juni 1842
Død11. januar 1922 (79 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (18771879)
  • vararepresentant til Stortinget (18891891) Sjå dette på Wikidata

Lars Anton Moe (14. juni 184211. januar 1922) var ein norsk prest og politikar frå Verdal som var ordførar i Kistrand og stortingsmann i 1879.

Moe var i fem år læring ved apoteket i Levanger. Sidan gjekk han Heltberg-skulen i Kristiania og vart cand.theol. i 1869. 1870–77 sokneprest i Kistrand og Karasjok, deretter sokneprest i Hammerfest til 1884. Etter berre 2 år sokneprest i Skjerstad, fekk han tilsvarande embete i Ålesund. Til sist var han sokneprest i Nordre Land 1898–1910. Han flytta til hovudstaden og døydde der.

Moe var ordførar 1872-77 i Kistrand, bystyremedlem 1878-84 i Hammerfest og 1886-98 i Ålesund. I Kistrand var han også forlikskommissær 1873-77. 1879-sesjonen møtte han i Stortinget som 2. varamann frå Finmarkens amt, og var medlem i Næringskomite nr. 2.