Lars Arne Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Arne Nilsen
Lars Arne Nilsen 2017.jpg
Personleg informasjon
Fødd6. april 1964
Fødestad i Noreg
Seniorspelar*
ÅrLagKmp(Mål)
- 1988Stord
1989-1990Sogndal
1991-1994Nest-Sotra
1995 -Volda
Trenarlag
1999-2010Ørsta
2010-2015Hødd
2015-Brann
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Lars Arne Nilsen (fødd 6. april 1964) er ein norsk fotballtrenar som trenar fotballklubben Hødd. Som ung spelte han for Stord Idrettslag og var klubben sin toppscorar i 1988, det året han scora 1-0 i opprykkskampen til 1. divisjon mot Os Turn Fotball. Han spelte for Sogndal Idrettslag 1989-90, Nest-Sotra Fotball 1991–94 og Volda frå 1995 der han òg var trenar. I 1999 var han trenar for Ørsta Idrettslag. Frå 2008 var han assisterande trenar for Hødd, under Einar Magne Skeide. Nilsen vart forfremma til hovudtrenar frå 2010-sesongen og leia laget til siger i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 2012, i ein sesong der laget fann seg i nest øvste divisjonen og såvidt berga seg frå nedrykk.

Lars Arne er far til Sivert Heltne Nilsen (fødd 1991) som òg spelar for Brann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]