Lars Aslaksrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Aslaksrud
Lars Aslaksrud.jpg
Fødd2. oktober 1867
Norderhov
Død3. juni 1941
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
EktefelleMarie Aslaksrud

Lars Johansson Aslaksrud (2. oktober 18673. juni 1941) var ein norsk jarnbanemann, fagforeiningsleiar og politikar frå Norderhov i Buskerud. Han var stortingsrepresentant 1916-18 for Arbeidarpartiet i Oslo.

Aslaksrud var son til ein gardbrukar. Han tok eksamen ved Jægerkorpsets underoffiserskule i 1889 og byrja arbeide i Norges Statsbaner i 1891. Perioden 1911-21 var han fyrstelærar ved Jarnbaneskulen, sidan var han trafikkinpektør i Oslo distrikt til 1935.

Aslaksrud svar bystyremedlem i Oslo 1904-15, treårsbolken 1907-10 med sete i formannskapet. Perioden 1907-11 var han også formann i Jarnbaneforbundet. Valperioden 1916-18 representerte han einmannskrinsen Nedre RomerikeStortinget, der han var medlem av Justiskomite nr 1 og vald for Arbeidarpartiet. Aslaksrud var også medarbeidar i jarnbanepressa og ein kort periode redaktør i Akershus Social-Demokrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi