Lars Aukrust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Aukrust og kona

Lars Olsson Aukrust (2. oktober 188610. januar 1965) var ein skulemann frå Lom i Oppland. Han var far til Odd og Kjell Aukrust, bror til Olav Aukrust.

Lars Aukrust tok eksamen ved Storhove landbruksskule i 1907 og ved jordbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule i 1911. Perioden 1911-13 underviste han i realfag ved ein folkehøgskule i Østfold. Dei fire år 1914-17 var Aukrust fylkesagronom i Nordre Østerdalen. Samstundes byrja han 30 år virke som dommar for Statens storfeutstillingarTynset. Frå 1918 til 1945 var Aukrust styrar på Storteigen landbruksskole i Alvdal.

Eit års tid i 1917-18 arbeidde Aukrust for Selskabet for Norges Vel, ein organisasjon der han sidan var formann i eit Sæter- og beiteutval. I tida 1934-45 var han styremedlem i Selskapet for Norges Vel.

Aukrust melde seg til teneste då Bondepartiet vart skipa. Han var såleis varamann til Stortinget 1922-24 og 1928-30. Hausten 1933 lukkast han vinne fast plass i stortinget, representerte då partiet og Hedmark valperioden 1934-36. Han hadde sete i Universitets- og fagskulekomiteen. Sidan var Aukrust landsstyremedlem i Bondepartiet frå 1938 til -45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]