Lars Backer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Backer
Lars Backer - 1911.jpg
Fødd 5. januar 1892
Christiania
Død

7. juni 1930
Oslo

Yrke arkitekt
Lars Backer på Commons
Ekebergrestauranten i Ekebergåsen i Oslo. Ekebergrestauranten er eit kulturminne og har nummer 87639 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Foto: Bjørn Erik Pedersen
Horngården på Egertorget. Horngården er eit kulturminne og har nummer 86145 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Foto: GAD


Lars Thalian Backer (5. januar 18927. juni 1930) fødd og død i Oslo var ein norsk arkitekt og son av Herman Backer.[1] Han er kjend for sine funksjonalistiske arbeid, og var ein pioner for modernismen i norsk arkitektur på 1920-talet.[1]

Backer studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Christiania under Herman Major Schirmer.[1] Seinare utdanna han seg vidare han ved Kungliga Tekniske Högskolan i Stockholm. Backer opna eigen praksis i Oslo i 1921.[1]

Av dei tidlegaste arbeida hans er ein villa i Drammensveien 88 C i Oslo reist i 1926 i italiensk-inspirert nyklassisisme. Backer mottok Sundts premie for 1926 for dette arbeidet.[2] Bygningen vert no nytta som ambassade.

I 1926 samarbeida Backer med Kristen Tobias Rivertz som hadde oppgåva med å teikne Frogner kino i Oslo. Interiøret blei teikna av Platou.[3] Året etter stod han for ei gjennomgripande ombygging og utviding av Olympen restaurant som var teikna av faren. Same år teikna han også Skansen restaurant på Kontraskjæret i skråninga ned mot Pipervika i Oslo. Bygningen blei rekna som Noregs første funksjonalistiske bygg.[1] Han blei riven i 1970.

Backer si grav på Vestre gravlund i Oslo; minneplata syner dei viktigaste verka hans

Ekebergrestauranten blei reist for Oslo kommune 1927-1929 og er eit av de finaste eksempla på klassisk funksjonalisme i Noreg. Han er bygd i betong med flatt tak, store vindusflater med ruter, terrasse og eit bua inngangsparti i eit lågt hjørnetårn. Etter fleire år med forfall vart bygningen pussa opp og opna att i 2005.[4]

Et av dei siste store prosjekta til Backer var Horngården på Egertorget i Oslo frå 1929-1930. Bygningen vert kalla Noregs første skyskrapar.[5] Etter planane skulle bygningen ha 13 etasjar, men det blei kutta ned til 8 etter fleire protestar.[5] Backer fekk ikkje sett det ferdige resultatet då han plutseleg døydde 38 år gamal. Bygningen vart ferdigstilt av medarbeidaren F.S. Platou. Bygningen fekk Sundts premie for 1930.[2]

I 1929-1930 stod Backer også for ei utviding og ombygging av Stavanger Museum. Oppgåva hadde han fått etter ei arkitektkonkurranse i 1921.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]