Lars Bjønness
Lars Bjønness | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. juli 1963 (61 år) Oslo |
Idrett | roing |
Tok del i | rowing at the 1992 Summer Olympics – men's quadruple sculls, rowing at the 1988 Summer Olympics – men's quadruple sculls, rowing at the 1984 Summer Olympics – men's single sculls |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje |
Lars Bjønness (fødd 27. juli 1963) er ein norsk tidlegare roar frå Oslo som i 1989 vart verdsmeister i dobbeltsculler i lag med Rolf Thorsen. Han er medlem i i Ormsund Roklub.
Bjønnes vann 27 gullmedaljar i noregsmeisterskap gjennom 1980-åra. Fem gull kom i dobbeltsculler, fem i dobbeltfirar, ni i firar utan styrman og åtte i åttar. Han vart nordisk meister 1983, 1985, 1987 i dobbeltfirar og 1987 i åttar og 1989 i dobbeltsculler.
Etter at Alf Hansen gav seg internasjonalt, tok Bjønness over som makker til Rolf Thorsen i den norske dobbeltsculleren. Under Verdsmeisterskapen i roing 1989 roddde dei inn til siger. Bjønness var elles med å vinne VM-sølv i dobbeltfirar i 1987 med Vetle Vinje, Rolf Thorsen og Alf Hansen og OL-sølv i Sommar-OL 1988 i Seoul. Også i Sommar-OL 1992 i Barcelona]] fekk han sølv i dobbeltfirar, då i båt med Thorsen, Kjetil Undset og Per A. Sætersdal.
Bjønness og Thorsen vart tildelt Morgenbladets gullmedalje i 1989, saman med vinteridrettsutøvaren Ole Kristian Furuseth.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lars Bjønness» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1963
- Norske roarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Verdsmeistrar i roing
- Norske deltakarar under sommar-OL 1984
- Roarar under sommar-OL 1984
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Norske deltakarar under sommar-OL 1988
- Roarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Norske deltakarar under sommar-OL 1992
- Roarar under sommar-OL 1992