Lars Bjarne Marøy (1971–2022)[1] var ein norsk skribent og målmann. Marøy var medarbeidar i bladet Vestmannen, der han seinare tok over som bladstyrar (frå 2000 til 2002). Frå 2002 tok han til å skriva i bladet Målmannen, som han gav ut saman med Olav Torheim. Han var leiar for Vestlandske Mållag i ein tiårsperiode (1994-2004), og ein pådrivar for revitaliseringa av høgnorskrørsla på 1990-talet. Marøy har skrive eit hopetal med målpolitiske artiklar som er vortne publiserte i Vestmannen, Målmannen og på høgnorskportalen sambandet.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2022