Lars Breie
Utsjånad
Lars Breie | |||
Fødd | 3. april 1907 Ål kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 5. oktober 1999 (92 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Lars Breie (3. april 1907–5. oktober 1999) var ein norsk jurist frå Ål i Buskerud og politikar for Arbeidarpartiet. Han var riksrevisor frå 1950 til 1978.
Breie var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen, vart student i 1929 og tok til på jusstudiar. Etter å ha vorte cand.jur. i 1933 arbeidde han i femten år som overrettssakførar i Ål. Her fekk han plass i heradsstyret frå 1938, fungerande ordførar i 1940 og 1945.
Ved stortingsvalet hausten 1945 vart Breie vald til stortingsrepresentant for Buskerud og Arbeidarpartiet. Attvald fire år seinare.
Frå 1950 var Breie riksrevisor, eit ombod han hadde heilt fram til 1978.
Breie vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1979.
Bibilografi
[endre | endre wikiteksten]- Ål kommune 1837-1937, Drammen, 1937.
- The auditing and control of government accounts in Norway, Oslo, 1960.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lars Breie» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2015.