Lars Bremnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Lars Bremnes frå Gulen, sjå Lars Bremnes (1916-).
Lars Bremnes

Lars Bremnes på scenen foto:Troms Arbeiderparti
Fødd4. desember 1964 (59 år)
FødestadSvolvær
OpphavNoreg
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka sommusikar, gitarist, plateartist
FarOle H. Bremnes
Gift medMarianne Bremnes
PrisarNordland fylkes kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang

Lars Bremnes (fødd 4. desember 1964) er ein norsk musikar (gitarist og tenorsaksofonist) og låtskrivar, bror av Ola Bremnes og Kari Bremnes som han har samarbeidd med ved fleire høve. Dei er fødde i Svolvær, som barn av Ole H. Bremnes.

Lars Bremnes leidde frå 1991 sitt eige band med Terje Johannesen, Georg Buljo, Helge Harstad og Anders Engen, som vart nominert til Spellemannprisen 1994 for Stjernesukkertøy. Han har hatt stor suksess med melodiane Fiolinan og Å kunne æ skrive.

Saman med Ola og Kari fekk han Spellemannprisen 2000 i klassen «viser og viserock» for albumet Soløye. For albumet Hjertekaptein med eigne melodiar, vann han Spellemannprisen 2006 i klassen viser. Han fekk Prøysen-prisen 2009 saman med broren Ola. Lars Bremnes er gift med Marianne Bremnes, og dei har to barn.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • søskentrioen, Ord fra en fjord, med tekstar av faren Ole H. Bremnes, Spinner, 1992
  • Lars Bremnes Band, Stjernesukkertøy, 1994
  • Lars Bremnes Orkester, Søndag, EMI 1997
  • Boarding nu, eigne melodiar, EMI 1999
  • søskentrioen, Soløye, Kirkelig Kulturverksted 2000
  • Røverkistebunn, eigne melodiar, Kirkelig Kulturverksted, 2002
  • Hjertekaptein, eigne melodiar, Kirkelig Kulturverksted, 2006
  • søskentrioen, Mit navn er Petter Dass, 2008
  • Stayer, 2008
  • Himmel nok tel alle, eigne melodiar, 2015

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]