Hopp til innhald

Lars Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Eide
Fødd16. november 1856
Hemne kommune
Død1. mars 1923 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, emissær, bonde, avholdsaktivist
Alle verv

Lars Andersson Eide (16. november 18561. mars 1923) var ein norsk gardbrukar frå Hemne, emissær for indre- og ytremisjonen. Han representerte einmannskrinsen Indre Fosen og Samlingspartiet i stortinget 1907-09.

Eide dreiv gard fleire stader. Fyrst forpakta han og sidan dreiv han eigen gard i Kristiansund. Deretter var han gardbrukar på Lernes i Hemne i fleire år. Kortvarig dreiv han gard i Malvik, før han i 1918 kjøpte eit gardsbruk på Sem i Nøtterøy i Vestfold, der han døydde.

Allereie frå unge år var Eide aktiv talar på religøse møte. Frå 1886 var han ferdatalar for så vel Indremisjonsselskapet som Det Norske Misjonsselskap. Også fråhaldssaka agiterte han for.

I Hemne var Eide kommunemann. Ved stortingsvalet i 1906 stilte han som Samlingspartiet sin kandidat i Indre Fosen i Sør-Trøndelag. Kyrkjepolitisk stod han på same grunn som mindretalet i Kirkekommisjonen av 1908, desse ville at Den norske kyrkja skulle vere ei «fri folkekirke». I andre valomgang vann Eide over motkandidataten, stortingsmann Jakob Hoff, med berre 7 røysters overvekt. Venstre kravde omval. Gjennom mobiliseringsvalet som fylgde, vart Eide vald med 166 fleire røyster enn Hoff. På Tinget fekk Eide plass Kyrkjekomitéen. Ved stortingsvalet 1909 stilte både Venstre, Høgre og Frisinna Venstre med eigne kandidatar i andre valomgang i Indre Fosen, dermed fekk Jakob Hoff langt fleire røyster enn Eide.