Lars Gjendemsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Gjendemsjø
Fødd 31. mars 1906
Fræna
Død

26. mai 1996

Lars Gjendemsjø (fødd 31. mars 1906 i Fræna, død 26. mai 1996) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen. Gjendemsjø blei i 1972 heidra med St. Olavs Orden for sitt arbeid med krigsveteranar.

Gjendemsjø var medlem av motstandsgruppa Stein-organisasjonen frå sommaren 1940 til hausten 1941, da gruppa blei infiltrert av Gestapo. Gjendemsjø blei arrestert 2. oktober same år. Han klarte å rømme natta mellom 17. og 18. november 1941 frå Grønnestølen skole der han sat i krigsarrest.

Gjendemsjø blei innrullert ved Den norske brigaden i Skottland, kor han utdanna seg som etterretningsoffiser ved den 4. bataljon av Kings own Scottish Borderers, og deretter blei forfremma til løytnant. Frå oktober 1944 til april 1945 følgde Gjendemsjø bataljonen i kamp på kontinentet. I april 1945 fekk han nye oppgåver, og vendte tilbake til Noreg for å forhøyre tyske krigsfangar.

Etter krigen fekk Gjendemsjø seg jobb som lærar ved Bergen Folkeskole. Han blei engasjert i sosialt arbeid for krigsveteranar, og hadde ei rekke verv i veteranorganisasjonane. Han blei i 1972 utnevnt til ridder 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeid for rettferdig fordeling av Nortrashipfondet.

For sitt virke under krigen mottok han Deltakermedaljen med rosett, Haakon VIIs 70 års medalje, France and Germany Star og Defence Medal. Han blei også «Mentioned in Dispatches» mens han var i britisk krigsbistand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]