Lars Gunnar Lingås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Gunnar Lingås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1947 (77 år)
Yrke skribent
Nettstad http://www.etikk.net

Lars Gunnar Lingås (fødd 28. mars 1947) er dosent i yrkesetikk og vegleiing ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Han vart utdanna sosionom i 1973, og har filosofisk doktorgrad frå Göteborgs Universitet 1993 på ei avhandling om etikk i sosialt arbeid. Han har vore ein aktiv organisasjonsleiar og faglitterær skribent,

Aktiv studentpolitikar i sin ungdom. Lektor i sosialt arbeid ved Den Sociale Højskole i København og Roskilde Universitetscenter 1974–78. Utgreiar i Sosialdepartementet 1978-80. Diverse tillitsverv i Norsk Sosionomforbund 1981–1987 og tilsett i Bærum kommune i same periode. Fagleg sekretær i Norsk Sosionomforbund 1987-90 med ansvar for yrkesetisk arbeid og sosialfaglege utviklingsprosjekt. Redaksjonsjef for helse- og sosialfagavdelinga i Universitetsforlaget 1991–92. Han var generalsekretær i Human-Etisk Forbund 1993–1997, og deltok då aktivt i arbeidet for dialog mellom religionar og livssyn i Noreg, og han var ein av initiativtakarane til å opprette Samarbeidsrådet for trus- og livsynsamfunn.

Mykje brukt foredragshaldar og aktiv faglitterær forfattar, Busett i Holmestrand. Har gitt ut ei rekkje fagbøker innan områda etikk, yrkesetikk, pedagogikk og sosialt arbeid.

Kommunepolitikar i Holmestrand 1999-2007 for Arbeidarpartiet. Styreleiar for Stiftelsen Hvite busser til Auschwitz 2005-2007. Medlem av Nansenskolens Råd 1992-2008 og nestleiar i styret for Nansen Dialogue Network 2006-2008.

Leiar i Holmestrand Petanqueklubb sidan 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]