Lars Gunnarsson Hågå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lars Gunnarsson Hågå var ein norsk bondelensmann i Lesja og Dovre. Saman med Ringebu-lensmannen Per Randkleiv var han ein av leiarane i slaget ved Kringen 26.8.1612, der ein flokk bønder frå Gudbrandsdalen slo ein flokk av skotske leigesoldatar på veg til Sverige.

Lars var brukar på garden Hågå i Dovre og levde frå ca. 1570 til ca. 1650. Hågå hadde vore ein del av erkebispegodset, og vart krongods etter reformasjonen. Faren, Gunnar Larsson, kom frå Tynnøl-ætta på Lesja, og er ein av dei første bondelensmennene i Lesja og Dovre. Berre «Gudmund lensmann» som sat som leiglending på Tofte, og var lensmann midt på 1500-talet, er kjent før han. Gunnar hadde drive Hågå før Lars, men hadde seinare flytta til Ekre. Gunnar var lensmann frå 1580-åra til like før 1600. Lars overtok lensmannsombodet etter faren rundt 1600 og var lensmann fram til rundt 1623. Sonen Peder var lensmann frå rundt 1646 til han døydde i 1665 da brorsonen Ola Gunnarsson overtok. Lars Gunnarsson var såleis ein del av eit lensmannsdynasti i Lesja og Dovre som sat i ombodet i bortimot 80 år.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

I dei eldste kjeldene er Lars Hågå nemnt som ein av dei sentrale leiarane i slaget. Det er i ei innberetning frå statthaldar Enevold Kruse av 17. september 1612, der dei einaste av dei norske deltakarane som er namngjevne er bondelensmennene Lars Hågå og Per Randkleiv. Ei utfyllende innberetning til Kongen kom ein månad seinare:

«I sin første innberetning til den danske kansleren datert 17. september 1612, skrev den norske stattholderen at da Lauritz Hage, lensmann i Vågå (sic) i Gudbrandsdalen hørte om skottenes ankomst i Romsdalen, "haffuer hand strax opmannit meenige Bønder och Almue udi de tvende Gjelde Læssøe och Vaage" og rykket mot samme skotter og utenlandske krigsfolk, og da han fornam dem å være seg for sterke, har han 2 eller tre dager rykket og vært i forveien for dem, dog skjærmyslet eller sloss han ikke med dem men sendte imidlertid bud til almuen i de to nærliggende sogn, ved navn Fron og Ringebu prestegjeld, som straks er kommet ham til hjelp, og da de der er samlet, var han fire hundre og fem mann sterk. og fortsatte så foran dem (skottene) til han så sin fordel "paa et Fjeld kaldis Kringellenn udi Vaage sogenn liggendes", der de var nødt til å passere.»[1] Lensmannsøksa som han brukte har seinare gått i arv i etterslekta til den som heitte opp etter Lars. Øksa skal nå vera på garden Bø i Follebu.

Ivar Kleiven skriv: «’N Lars er mestsom kome lite i skuggjin for ’om Per Rannkleiv, ’om Arne Gunnsta’ og ’om Berdon Segelsta’, men når ein fylgje retteleg vel med i di, som gjekk for se i desse dågå’m sist i august 1612, vil ein sanne, at den største æra for di heppelege endelykte i Høgkringom, tekjøm ’om Lars Hågå. Ha ikkje hann vore den vakne, snarrå’uge og mynduge mann, ’n va, så har skottan kome ska’eslause gjønom Gullbransdal’n, for den folkehopen ’n Lars Gram låg med uti Elsta’kleiven, ha ikkje orka stagga døm, for der var skottan budde på å setja te-fjells.»[2]

Og året etter slaget fekk alle dei leiande personane i Kringen påskjøningar frå kongen. Den 3. september 1613 skreiv han eit gåvebrev til Lars Hågå og gav han den garden han budde på, og endå ein stor gard til, Landheim på Dovre.[3] Den same dagen skreiv han gåvebrev til Per Randkleiv i Ringebu og gav han den garden han budde på, og ein gard til, Øvre Gunnstad i Ringbu. Den same dagen skreiv han gåvebrev til Berdon Seielstad og gav han Øvre Seielstad, garden som han budde på. Alle desse gardane hadde vore krongods. Attpå dette gav han etter mange skattar. Arne Gunstad åtte garden sin sjølv. Men han skulle gå fri for alle skattar så nær som krigsskatt og tiend. Audun Skjenna fekk ein gard på Sel som heiter Hamn. Pillar-Guri vart heller ikkje gløymd. Bøndene skaut ihop og kjøpte ein gard på Vågå som heitte Rindal, og gav henne den garden. Han vart heitande Pillarvika, og heiter så den dag i dag.

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Lars Hågå var etter si tid ein relativt stor jordeigar. I 1620 åtte han Hågå og Lannem, kvar gard på to huder. Dessutan åtte han ei hud og eitt skinn i Ekre på Dovre, 3 skinn i Vesl-Kolstad på Lesja, 2 skinn i Korshus på Dovre, og tre skinn i Synstbø på Lesja. Lars var elles første lagrettemann som sette seglet sitt under koppskattmanntalet i 1645.

Rundt 1645 tok han føderåd, og delte gardane sine mellom barna. Garden Hågå der han budde, delte han i to. Sonen Siver fekk Søre Hågå og sonen Ola d.y. fekk Nørdre Hågå. Sonen Per, som truleg var eldst, fekk Ekre, og sonen Gunnar fekk Lannem. Sonen Ola d.e. vart brukar i Nistugu Arnekleiv, og sonen Eirik vart brukar på Korsvoll. Dottera Synnøve vart gift til Hjelle. Dei sju barna til Lars sat såleis på sju av gardane i midtbygda i Dovre.

Det ser ut til at Lars sjølv busette seg på garden Hundnes på vestsida av Lågen. Dette er ikkje ein gard som eksisterer i dag, men berre eit jordstykke som i seinare tid låg under Tofte, og nå er ein del av Toftemo. Jordstykket låg tidleg på 1600-talet under Ekre som Lars åtte, og ei kjelde frå 1643 fortel at Lars rydda og dyrka der på sine eldre dagar. Seinare må garden ha kome frå Ekre, men kom attende til Hågå-familien på ein spesiell måte.

Ved freden i Roskilde i februar 1658 måtta Danmark-Noreg avstå Trøndelag med Romsdalen til Sverige. Men alt same sommaren vart det mobilisert for å vinne attende Trøndelag. Og futen i Gudbrandsdalen, Jørgen Philipsen, samla 516 bønder væpna med hellebardar og bondegevær. Blant dei var sonen til Lars, Per Larsson Ekre. Den dansk-norske hæren kringsette Trondheim og greidde å drive ut svenskane og ta Trøndelag attende. Og for innsatsen sin her fekk Per garden Hundnes som han skulle ha skattefritt så lenge han levde. Og det var altså her faren, Lars Hågå, slo seg ned. Det var i fleire omgangar strid om Hundnes. Mellom anna prøvde brukaren på Tofte å tileigne seg garden frå Lars, men vann ikkje fram.

Etter at Lars døydde, flytta sonen Per hit. Seinare vart Hundnes makeskifta slik at garden kom under Tofte til slutt.

Konklusjon[endre | endre wikiteksten]

Alt i alt kan det vel seiast at Lars Hågå etter den innsatsen han gjorde i 1612 vart ein høgt respektert og betrudd mann i Dovre, og at slekta hans hadde ein sentral posisjon. At han var ein kar med stor kraft opp i høg alder, viser også den tingen at han på sine gamle dagar gjekk i gang med å rydde og bygge ein ny gard. Leiareigenskapane hans gjekk også i arv i alle fall til sonen Per som vart bondelensmann som faren, og som også gjorde ein viktig innsats for å verje landet mot fiendar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michell, Thomas (1997). Historien om den skotske ekspedisjon til Norge i 1612. [Kvam]: Jon Selfors. s. 53-54. ISBN 8299436001. 
  2. Kleiven, Ivar (1923). Lesja og Dovre: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Kristiania: Aschehoug. s. 177. 
  3. Hougen, Engebret (1974). Ættesoge for Gudbrandsdalen 3: Tynnøl- og Valbjørg-ætta. [Otta]: Dølaringen : Gudbrandsdal historielag. s. 125.