Lars Håland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Håland
Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. juli 1962 (61 år)
Stockholm
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1989, Ski-VM 1993

Lars Håland (fødd 28. juli 1962) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar, fødd i Stockholm. Han vann to medaljar under VM 1989 i Lahti. Fyrst tok han bronsemedaljen på 15 km fristil bak landsmennene Gunde Svan og Torgny Mogren, sidan gjekk han tredjeetappen på Sveriges lag som vart verdsmeistrar på 4x10 km stafett. Til sist i verdsmeisterskapen vart han nummer fire på femtikilometeren.

Tre veker etter han fekk bronse under Lahti-VM, tok han sine einaste siger i eit renn i verdscupen. 13. mars 1989 sigra han med stor margin på 30 km i Falun, føre Torgny Mogren og norske Vegard Ulvang på dei neste plassane. Hans tredje og siste pallplass i verdscupen kom då han i 1990 vart nummer tre på 30 km i Lahti, bak nordmennene Bjørn Dæhlie og Ulvang.

Håland gjekk i 1989 og 1990 andreetappane på Dala-Järnas stafettlag som begge åra vart svensk meister. Svenn-Erik Danielsson og Gunde Svan var dei andre på laget. Hålands einaste individuelle SM-gull kom då han som medlem av Svenska Skidspelens SK sigra på SM-femmila i 1997.

Håland la opp som langrennar i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]