Lars Hektoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Hektoen
Fødd28. juni 1832
Tynset
Død17. mai 1903
Tynset
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Lars Pedersson Hektoen (28. juni 183217. mai 1903) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han melde seg inn i Stortingets Venstreforening då denne var skipa.

Hektoen var son til ein gardbrukar på Tynset. Sjølv gjekk han seminaret i Klæbu, der han tok eksamen i 1852. Han var i seks år skulehaldar og i fire år privatlærar i Tynset. Den lange perioden 1862-1900 var han kasserar for Tynset sparebank. Han var frå 1863 til 1889 gardbrukar på Framnes, eit bruk han rydda og bygde frå grunnen. I 1889 kjøpte han garden Nysted ved jarnbanestasjonen på Tynset og budde der sidan. Han kom med i heradsstyret i 1871, frå 1873 til 1889 var han ordførar. Då folkeskulelova av 1889 skulle gjennomførast i Tynset var han skulestyreformann. Ei tid var han formann i amtsskulestyret.

Hektoen representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1877 til 1888. I den fyrste valbolken, 1877-79, var han medlem av protokollkomiteen, 1880-81 medlem av skattekomiteen, så var han 1882-88 sekretær i budsjettkomiteen og 1886-88 var han medlem av Lagtinget og valkomiteen.

Hektoen døydde på Tynset i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]