Lars Ivar Moldskred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Ivar Moldskred
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1978 (45 år)
Yrke fotballspelar
Høgd 194 centimeter

Lars Ivar Moldskred, (fødd 12. november 1978), oppvaksen i Tjørvåg i Herøy i Møre og Romsdal, er målmann i fotball og debuterte i Tippeligaen for Molde FK i 2004.

Moldskred starta i Tjørvåg IL, før han gjekk til Bergsøy IL før sesongstart i 1998. I 2000 gjekk han til IL Hødd, der han fekk sitt store gjennombrot då han redda fleire straffer i det Hødd slo Rosenborg ut av cupen. Halvvegs gjennom 2004-sesongen vart han seld til Molde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]