Lars Jelsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Jelsa
Fødd 13. mai 1851
Død

18. juni 1938

Lars Konrad Bjørnsson Jelsa (13. mai 185118. juni 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Jelsa i Ryfylke. Han var 1901-06 og 1910-12 stortingsmann for Moderate Venstre.

Jelsa var son til ein gardbrukar. Frå han var 15 til 17 år gammal var han lærar i heimbygda. Faren sende han til landbruksskule på Austrått, ferdig der i 1870. Frå 1873 til 1890 arbeidde han som utskiftingsassistent i Stavanger amt, utskiftingsformann 1884-93 og på ny frå 1895. I 1889 overtok han farsgarden Jelsa og dreiv denne til eldste sonen tok over.

Jelsa var ordførar 1884-91 i Jelsa herad. Valbolken 1895-97 var han fyrste varamann til Stortinget og møtte 1896-sesjonen frå 25. juli i staden for Nikolai Lima. Jelsa hadde fast sete på Stortinget 1901-06 frå Stavanger amt, medlem 1901-03 i Konstitusjonskomiteen og 1904-06 i Vegkomiteen. Han lukkast ikkje å verte vald ved stortingsvalet 1906, men hausten 1909 vart han vald til tingmann frå einmannskrinsen Ryfylke, medlem 1910-12 i Landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]