Lars Lönnroth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Lönnroth
Fødd4. juni 1935
Göteborg
NasjonalitetSverige
InstitusjonarGöteborgs universitet
Aalborg Universitet
Alma materUppsala universitet

Lars Lönnroth (fødd 4. juni 1935) er ein svensk professor i litteraturvitskap.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lönnroth tok graden fil.lic ved Uppsala universitet i 1961 og fil.dr ved Stockholms universitet i 1965.[1] Han var assistant og associate professor i Scandinavian Studies ved University of California, Berkeley 1965–1974 og professor i litteratur- og tekstvitskap vEd Aalborg Universitet 1974–1982. I åra 1982–2000 var han professor i litteraturvitskap ved Göteborgs universitet, med eit kort avbrot i 1991–1993 då han var kultursjef i Svenska Dagbladet. Han var leiar i Statens konstnärsnämnd 1995–2001 og i Sällskapet Gnistan 1999–2013.

Lönnroth si forsking har i stor grad teke for seg den islandske sogelitteraturen frå mellomalderen. Saman med Sven Delblanc var han redaktør for sjubandsverket Den svenska litteraturen (1987–90). Andre bøker han har skrive er Njál's Saga: A Critical Introduction (1976); Den dubbla scenen. Muntlig diktning från Edda till ABBA (1978); Skaldemjödet i berget (1996) og Ljuva karneval! Om Carl Michael Bellmans diktning (2005). Han har også gjeve ut memoarar.

I 1993 blei Lönnroth utnemnd til heidersmedlem ved Södermanlands-Nerikes nation i Uppsala. Han er også heidersmedlem av Svenska litteratursällskapet i Finland, Det Kongel. Norske Videnskabers Selskab, Kungl. Gustav Adolfs Akademien og Kungl. Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Lönnroth er son av Erik Lönnroth og Ebba Lagercrantz og bror av Johan Lönnroth og Louise Lönnroth. Han er systerson av Olof Lagercrantz og Lis Asklund og syskenbarn av Marika Lagercrantz og David Lagercrantz.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • 1961 – Litteraturforskningens dilemma
  • 1965 – European Sources of Icelandic Saga-Writing
  • 1976 – Njáls saga: A Critical Introduction
  • 1978 – Den dubbla scenen (nytt opplag med oppdatert etterskrift 2008)
  • 1983 – Faust i Göteborg
  • 1995 – Isländska mytsagor (oms. og kommentar, Atlantis)
  • 1996 – Skaldemjödet i berget (Atlantis)
  • 2001 – Tegnér och det nordiskt sublima
  • 2005 – Ljuva Karneval! (Albert Bonniers Förlag)
  • 2006 – Njals saga (oms. og innleiing) (Atlantis)
  • 2009 – Dörrar till främmande rum. Minnesfragment (Atlantis)
  • 2011 – The Academy of Odin: Selected Papers on Old Norse Literature
  • 2014 – Laxdalingarnas saga (oms., Saga Forlag)
  • 2016 – Den poetiska Eddan (oms., innleiing og kommentar, Atlantis)
  • 2017 – Det germanska spåret. En västerländsk litteraturtradition från Tacitus till Tolkien (Natur & Kultur)

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lönnroth, Lars: European sources of Icelandic saga-writing, Stockholm 1965 (eng). Libris 636948. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]