Lars Oftedal Broch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Oftedal Broch
Fødd 1. januar 1939
Oslo
Død

11. november 2017

Yrke embetsmann

Lars Oftedal Broch (fødd 1. januar 1939 i Oslo, død 11. november 2017)[1]var ein norsk høgsterettsdommar. Han tok til i Høgsterett 26. august 1996 og var høgsterettsdommar til 2008.

Han blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1963 og byrja deretter som konsulent i Justisdepartementet, der han var frå 1965 til 1971. I 1971 blei han avdelingsleiar i Forbrukarrådet og året etter blei han ekspedisjonssjef i dåverande Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, ei stilling han hadde til 1983. Frå 1983 til 1987 var han direktør i Consumers International. Deretter var han eitt år (1988–1989) assisterande børskommissær ved Oslo Børs. Frå 1. januar 1989 og fram til han vart høgsterettsdommar, var han sjef for Økokrim.

Broch vert rekna som ein liberal jurist, og var elles med i Sosialistisk Studentlag i studietida. Der var han med på å gjennomføre det såkalla Påskekuppet i 1958 – eit kupp som var meint å vise støtte til tryggingspolitikken til Einar Gerhardsen, men som i staden vart oppfatta som eit forsøk på å omgå leiinga i Arbeidarpartiet. Dermed vart han og ei rekkje andre studentar ekskluderte, og han har sidan vore partilaus.

Lars Oftedal Broch var gift med Kjersti Graver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lars Oftedal Broch er død». Aftenposten. 13. november 2017. Henta 14. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]