Lars Olsson Kolbeinstveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Olsson Kolbeinstveit
Visittkortportrett Lars O. Colbenstvedt - SAS1982-19-029 (cropped 2).jpg
Fødd 15. august 1800
Suldal
Død

14. april 1876
Sand i Ryfylke

Yrke bonde, politikar

Lars Olsson Kolbeinstveit (15. august 180014. april 1876) var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Suldal. Njeld Kolbenstvedt var sonen hans.

Kolbeinstveit var son til ein gardbrukar. Hans einaste skulegang skal ha vore undervisning kvar laurdag hos presten i Suldal, elles lærde han seg sjølv ved sjølvstudium. Frå han var ei 16 år gammal, voks han opp hos Pål Bakke i Suldal. Sidan arva han garden etter denne og dessutan tre andre gardar av ein anna slektning. Sjølv var han gardbrukar på farsgarden Kolbeinstveit. Ei kort tid var han lensmann i Suldal.

Kolbeinstveit var den fyrste ordføraren i Suldal. Han var ordførar 1838-45, 1850-55 og 1860-61. Elles forlikskommissær og fleire kommunale verv.

Kolbeinstveit var stortingsrepresentant for Stavanger amt i 1839, 1848-58. I 1839 var han medlem av konstitusjonskomiteen og lovkomiteen. 1848-58 var han medlem av Lagtinget, medan han i 1848 var medlem av justiskomite nr 1, og 1851-58 av gasje og pensjonskomiteen.

Han døydde på Sand i Ryfylke i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]