Lars Oskar Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Oskar Hauge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1998
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Lars Oskar Hauge (fødd 17. november 1998) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Lars Oskar Hauge tok sitt første IM-napp i ei turnering i Sitges, Spania i juli 2013 med 6 poeng på 9 rundar, eit heilt poeng over IM-kravet. Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Trondheim i juli 2014, med 5 poeng på 9 rundar. Det tredje IM-nappet kom i EM for klubblag i september 2014, men dette var berre på 7 parti, og var dermed ikkje nok.[1] Det siste avgjerande IM-nappet kom deretter i ei turnering på Gibraltar i månadsskiftet januar-februar 2016, med 5 poeng på 10 rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. juli 2015 med 2411.[2] Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE Presidental Board i Moskva 28-29. mars 2016.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]