Lars Roverud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Roverud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1776
Vækerø
Død

26. februar 1850 (73 år)
Christiania

Yrke lærar, musikkforskar, musikar, forretningsdrivande
Lars Roverud på Commons

Lars Roverud (19. desember 177626. februar 1850) var ein norsk musikkpedagog og musikkhandlar.

I 1809 opna Roverud den første reine musikkforretninga i Noreg, to år seinare den første notepressa og eit musikkforlag. Roverud var lærar ved katedralskolen i Christiania frå 1819, og han studerte songpedagogikk i Leipzig i 1819 og i Stockholm i 1828.

I 1825 vart Roverud kjend med eit dansk salmodikon. Han forbedra dette og utvikla eit eige siffer-notesystem. Frå 1835 reiste han rundt i landet og underviste lærarar i kyrkjesong og salmodikonspel, frå 1841 med statsstønad. Salmodikonet vart snart brukt i skolen rundt om i heile landet.

Den roverudske sangforbedring[endre | endre wikiteksten]

I 1835 vart O. A. Lindemans Choral-Bog indeholdende de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk-christelige Psalmebogs forekommende Melodier autorisert «for udelukkende Brug ved Gudstjenesten» i kyrkjene i Noreg.

Tidlegare varierte songen meir frå stad til stad. Salmesongen, som var innført med reformasjonen eller med Hans Thomissøns salmebok var gjennom tidene endre etter lokal skikk og smak, og mange av salmetonane hadde et karakteristisk preg av lokal folkesong. Berre få kyrkjer hadde orgel til å leie songen. Det var delte meiningar og slik song høvde som allsong. Gjennom Roverud sitt arbeid vart kyrkjelyden gjennom skolebarna opplært til å synge salmar slik melodiane var notert i Lindemans koralbok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

På nettet[endre | endre wikiteksten]