Lars Sæim
Lars Sæim | |
![]() | |
Fødd | 17. februar 1862 Alversund |
---|---|
Død | 16. februar 1932 (69 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Lars Nilsson Sæim (17. februar 1862–16. februar 1932) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Alversund i Hordaland. Sæim var medlem av Venstre.
Sæim var son til ein gardbrukar på Sæim. Sjølv vart han seminarist frå Stord i 1881 og vart så tilsett som lærar i Manger same året. Året etter fekk stilling som lærar og kyrkjesongar i Brunkeberg i Telemark. Der vart han verande til 1888, då han vende heim til Sæim og dreiv ein privatskule det neste året. Det fylgjande skuleåret, 1889-90, heldt han privatskule i Heddal i Telemark. Åra 1890-96 var han lærar og kyrkjesongar i Slemdal. I 1896 tok han over farsgarden på Sæim og dreiv denne sidan. Dei fire åra fram til 1900 var han også lærar og kyrkjesongar i heimbygda.
Sæim var medlem av heradsstyra i både Kviteseid kommune, Slemdal og Alversund. Han var varaordførar i Alversund 1905-10 og sidan ordførar. Elles var han formann i skulestyret frå 1904 til -10 og styreformann i Alversund Sparebank frå 1910. Sæim representerte ein einmannskrins i Nordhordland på Stortinget frå 1913 til -18. I den fyrste valperioden var han medlem av tollkomiteen, i den andre av vegkomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Einskildmenn
- Fødde i 1862
- Døde i 1932
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Søndre Bergenhus amt
- Stortingsrepresentantar 1913-1915
- Stortingsrepresentantar 1916-1918
- Ordførarar i Alversund
- Venstreordførarar i Hordaland
- Lokalpolitikarar i Kviteseid
- Lokalpolitikarar i Siljan
- Venstrepolitikarar i Telemark
- Norske gardbrukarar
- Norske pedagogar
- Folk frå Lindås