Lars Sæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Sæter
Fødd 13. mai 1895
Død

27. mai 1988

Yrke politikar

Lars Sæter (13. mai 189527. mai 1988) var ein norsk emissær, forretningsmann og politikar frå Surnadal. Sæter var i to valperiodar stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og for Kristeleg Folkeparti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far hans var handelsmann og blekkslagar på Surnadalsøra. Sjølv gjekk han i åra frå 1914 til 1919 både folkehøgskule, middelskule, befalskurs og bibelskule. Mange år seinare, 1939, plussa han på med eksamen frå handelsskule.

Sæter arbeidde i tida 1919-27 som emissær og ungdomssekretær i Indremisjonsselskapet. Deretter var han redaktør for vekebladet Hyrden, som kom ut i Trondheim, i ti år fram til 1937. Perioden 1934-37 var han også disponent for Trøndelag misjonshotell. Sidan var disponent for Nordenfjeldske oljeselskap 1937-52, og distriktssjef i Mobil Oil A/S Norge 1952-63.

Sæter var 1933-54 medlem i Nidaros bispedømmeråd og frå 1945 til -61 bystyremedlem i Trondheim. I 1963-64 var han heradsstyremedlem i Surnadal. Både i Trondheim og Surnadal hadde han fleire leiande kommunale verv. Han var elles formann 1945-51 i Felleskommunikasjonsnemnda for Trondheim og Strinda og 1945-53 formann i Trondheim og Levanger krins av Kristeleg Folkeparti. Også styreformann 1945-55 i det kristelege dagbladet Dagsavisa i Trondheim, samt styreformann 1965-68 i Trondheim Bilruter.

Til stortingsvalet hausten 1953 stod Sæter på fyrsteplassen til Kristeleg Folkeparti i Sør-Trøndelag. Han vart vald til representant med stor margin, og attvald i 1957. I begge tingperiodane var han medlem i Samferdslekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]