Lars Sølvberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lars Johan Sølvberg (fødd 1. februar 1952) er ein norsk offiser. Han byrja på befalsskolen for kavaleriet i 1973. 1. april 1999 vart han utnemnd til generalmajor. Frå 6. desember 2002 til 2005 var han ein populær generalinspektør for Hæren. Han vart ikkje så populær hjå politikarane etter at Hæren overskreid budsjettet sitt[1], og fekk avskjed av forsvarsminister Kristin Krohn Devold[2].

Den 21. august 2006 annonserte statsråd Erik Solheim i Utenriksdepartementet at Sølvberg var utnemnd som ny fungerande sendelagsleiar i Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM). Sølvberg tiltredde stillinga 1. september 2006.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.aftenposten.no/norge/i/WRyRK/Solvberg-sier-takk-for-seg-i-Forsvaret
  2. https://www.aftenposten.no/norge/i/WRyRK/Solvberg-sier-takk-for-seg-i-Forsvaret

Kjelder[endre | endre wikiteksten]