Lars S. Garberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars S. Garberg
Fødd 22. oktober 1841
Død

16. august 1912

Yrke politikar

Lars Størkersson Garberg (22. oktober 184116. august 1912) var ein gardbrukar, trelasthandlar og stortingsmann frå Meldal. Han var medlem av Venstre.

Garberg var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han gardbrukar i Orkdal og var eigar av Enge sagbruk og høvleri. Her starta han i 1870 firmaet Garberg & Co. som dreiv trelasthandel. Garberg var medlem av [[herad[[sstyret i Orkdal frå 1872 og var i fleire år ordførar. Også forlikskommissær og medlem av amtsutvalet.

Garberg var 4. representant frå Søndre Trondhjems amtStortinget 1900-03. Han var medlem av Lagtinget og tollkomiteen.

Han døydde brått sommaren 1912 på ein fjellgard som han eigde i Orkdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]