Lars Soelberg
Lars Soelberg | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1828 Soknedal | ||
---|---|---|---|
Død | 23. februar 1907 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Far | Ole Ingebrigtsen Soelberg | ||
Alle verv |
|
Lars Olsen Soelberg (14. februar 1828–23. februar 1907) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han representerte partiet Venstre, hadde i 14 år sete på Stortinget. Ole Ingebrigtsen Soelberg var far hans.
Soelberg arbeidde som kontorist hos sorenskrivaren i Gauldal. Der var han i 2 1/2 år, gjekk deretter 1-årig landbruksskule på Munkvoll. Frå 1850 forpakta han garden Vikhammar i Malvik i fem år. Han kjøpte då garden Hognes i Stjørdal og dreiv denne frå 1855 til 1898. Han var ordførar i Stjørdal 1864-67 og 1872-75, og til saman i heradsstyret og/eller formannskapet i 38 år. Soelberg var valmann til Stortinget 15 gongar, fyrste gongen i 1856. Han vart sjølv innvald representant frå Nordre Trondhjems amt i fire periodar, 1880-82 og 1886-94, men møtte fyrste gongen 1878-79 som 1. varamann. Han var frå 1878 til -83 medlem av tollkomiteen, sekretær i same komiteen 1886-94. Heile si tid som vald representant var han medlem av Lagtinget, siste tingperioden var han sekretær i same. 1892-94 var han i tillegg medlem av valkomiteen.
Soelberg døydde 1907 på garden i Stjørdal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Tormod Røe: Stjørdal kommune 1837–1987 : Kommunalt selvstyre 150 år (1987), s. 58.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografisk informasjon om Lars Soelberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1828
- Døde i 1907
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Nedre Stjørdal
- Venstreordførarar i Nord-Trøndelag
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Midtre Gauldal