Lars Strømme d.y.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Strømme d.y.
Fødd 22. oktober 1874
Død

12. juni 1946 (71 år)

Lars Olaus Strømme (22. oktober 187412. juni 1946) var ein norsk lærar og forfattar. Han vert i dag hugsa for sitt verk om bumerkeSunnmøre og for sitt granskararbeid ved historiske arkiv i Bergen. Lars Strømme d.e. var farfaren hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lars Strømme var son av ein prest, fødd i Tolga i Hedmark. I 1893 tok han til å studere i hovudstaden. Faren ynskte han skulle verte prest, så sonen studerte teologi ei tid. Sidan gjekk han krigsskulen, før han litt etter 1900 byrja som lærar. Ti år arbeidde han på Vestheim skole i Kristiania. Ferda vidare gjekk til Harstad der han var styrar ved ein middelskule. For å kunne studere forfedrane si historie, fekk han seg lærarpost i Bergen. Fritida nytta han i statsarkivet. Han budde seinare ei tid i Trondheim og granska arkivsaker der. Bokverket Bumerke frå Sunnmøre (1943) gjorde han ferdig medan han budde i Rendalen, der faren hadde vore sokneprest.

Arkivarbeida frå tida i Bergen og Trondheim har vore nytta som grunnlagsmateriale i fleire bygdesoger på Sunnmøre. Mellom anna vart han for sitt forskingsarbeid kreditert som medforfattar til Hjørundfjordboka III-V, bøker som kom ut i perioden 1988-93. Strømmes avskrifter, brev og manuskript er tilgjengeleg på Statsarkivet i Bergen som Lektor Strømmes samlinger. Tor Myklebust har utarbeidd ein detaljert over arkivet etter Strømme, [1]

Han døde i Bergen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Strømme, Lars:Bumerke frå Sunnmøre, (1943)
  • Strømme, Lars og Ragnar Standal:Hjørundfjordboka. Band III, 1988
  • Strømme, Lars og Ragnar Standal:Hjørundfjordboka. Band IV, 1990
  • Strømme, Lars og Ragnar Standal:Hjørundfjordboka. Band V, 1993

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Omtale ved Ole Mørk Sandvik, prenta i Hjørundfjordboka. Kultursoga I, s. 7-9.