Lars T. Platou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars T. Platou
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1920
Stavanger kommune
Død

30. mai 2003 (82 år)
Veldre

Yrke politikar, ingeniør, bonde, lokalhistorikar, motstandskjempar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Lars Tokstad Sem Platou (2. juli 192030. mai 2003) var ein norsk gardbrukar, sivilingeniør og politikar, fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå Hedmark frå 1965 til 1977.

Platou var son til ein gardbrukar og sivilingeniør, og gjekk sjølv same livsvegen. Han vart student i 1939 og tok eksamen ved elektrolinja ved NTH i 1946. Frå 1941 til 1982 dreiv han garden Tokstad i Veldre. Samstundes var han tilsett ved Elektrobygg A/S på Hamar i tida 1948-75, og dreiv eige konsulentfirma i elektroteknikk fram til 1985.

Han engasjerte seg tidleg partipolitisk for Høgre. I 1965 fekk han stortingsplass for Høgre etter eit godt stortingsval for partiet. Han var medlem av kommunalkomiteen i den fyrste fireårsbolken, medan han i den andre valperioden var formann i finanskomiteen. I den siste fireårsperioden tok Arbeidarpartiet formannposisjonen i same komiteen, og Platou var nestformann. Platou var andre viseformann i Høgre perioden 1970-72 og første viseformann i 1972–78.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

stortinget no