Lars Tangvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Tangvik

Fødd23. mai 1902
Ingdalen
Død28. juli 1991 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar, prest
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1965–1969)
  • vararepresentant til Stortinget (1954–1957)
  • vararepresentant til Stortinget (1958–1961) Sjå dette på Wikidata

Lars Kristoffersson Tangvik (23. mai 190228. juli 1991) var ein norsk prest og politikar frå Ingdalen i Sør-Trøndelag. Han representerte Sør-Trøndelag og partiet VenstreStortinget 1965-69.

Tangvik var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen og vart i 1929 cand.theol. Sidan var han 1930-33 hjelpeprest i Oslo. Der etter var han sokneprest 1933-40 i Leksvik, 1940-48 i Øvre Stjørdal og 1948-56 i Nedre Stjørdal. Til sist var han sokneprest i Bakklandet prestegjeld i Trondheim i femten år til 1971. Perioden 1948-59 skreiv han om kyrkje og kristendom i avisa Nidaros.

I si tid var Tangvik engasjert i ulike sokneråd, formann både i Leksvik, Hegra og Stjørdal. Han var landsstyremedlem 1948-57 i Det Norske Misjonsselskap og fleire bolkar i Presteforeininga. Frå 1960 til -66 skjøtta han vervet som formann i Norges Finnemisjonsselskap.

Tangvik hadde gjennom åra ei mengd politiske verv. Såleis var han skulestyremedlem i så vel som Leksvik, Hegra og Stjørdal, heradsstyremedlem 1945-47 i Hegra, 1949-55 i Stjørdal, bystyremedlem 1957-65 i Trondheim. Frå 1962 til 1966 sat han i landsstyret til partiet Venstre og frå hausten 1965 var han stortingsrepresentant i fire år. På Stortinget var han medlem i Protokollkomitéen.

Då Venstre kløyvde seg i to parti etter EF-røystinga hausten 1972, melde Tangvik seg inn i Det Nye Folkepartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]